Map Graph

Albis

Albis er ei åsrekkje i kantonen Zürich i Sveits, som strekkjer seg 19 km frå Sihlbrugg i sør til Waldegg nær Zürich i nord. Rekkja dannar mellom anna grensa mellom distrikta Affoltern og Horgen. Dei mest kjende åsane er Uetliberg på 870 moh, oppfor byen Zürich. Andre stader er Albishorn, Bürglen, Schnabelburg, eit observasjonstårn, Albis-passet, den vesle byen Buechenegg, og den store skogen, Sihlwald, på begge sider av elva Sihl. Sihldalen grensar til Albisåsane langs heile austsida. På vestsida grensar Albis til forskjellige elvar, som Reppisch, og innsjøen Türlersee.

Read article
Fil:Albiskette.jpgFil:Albis_-_Balderen_IMG_3281.jpgFil:Zürich_-_Fallätsche_IMG_0202.JPGFil:Zürich-Leimbach-Sihltal_-_Käferberg_IMG_2374.JPG