Katekismesongar
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Katekismesongar, eller D. Morten Luthers Lille Catechismus, Forfattet I Beqvemme Sange Under Føyelige Melodier er eit diktverk av Petter Dass frå Alstahaug på Helgeland. Boka vart lagt fram for sensuren i 1698, og første gongen trykt i 1714.
Den eldste kjende utgåva er ei handskriven bok frå 1698. Dette handskriftet finst i dag på Petter Dass-museet på Alstahaug. Boka vart trykt i 1714, sju år etter at diktaren døydde. Katekismesongane kom i fleire utgåver ut over 1700-talet, og var då den mest selde av Petter Dass sine bøker.
Diktverket er ei katekisme på verseform. Etter dedikasjon og innleiing er innhaldet:
Songane går på forskjellige versemål, og det står oppført kva for melodi dei skal syngast til. Nokre av songane skal syngast til sin eigen melodi, og for dei er det spekulert på om Petter Dass sjølv har skrive melodien. Andre har spekulert på om melodinamnet då er stroke fordi melodien kunne verte assosiert med verdslege tekstar som kunne gjere at boka ikkje slapp gjennom sensuren.
Blant songane som Sjunges under sin egen melodi er Herre GUd! dit dyre navn og Ære, som er skriven til bøna Helligt vorde dit Navn. Til denne songen, som i boka er på 16 vers, skal det vere samla 100 ulike melodiavariantar.
Det går fram av innleiinga at boka er meint for husbruk og privat andakt. Songane er neppe brukt som salmar i kyrkja. Men etter at diktinga til Petter Dass fekk sin renessanse frå midten av 1800-talet, vart fleire av katekismesongane redigert om til salmar høvelege for kyrkjesong og tekne inn i salmebøkene.
Til det tredje bodordet:
Til den første truvedkjenninga:
Til Fadervåret:
Til dåpen:
Til nattverden:
Til forsamlinga:
Petter Dass sine katekismesongar i utgåver frå 1750 og 1874
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.