Ole Brumm, på originalspråket Winnie-the-Pooh, er hovudfiguren i ei eventyrverd dikta av den engelske forfattaren Alan Alexander Milne. Den første boka, Winnie-the-Pooh, vart utgjeven i 1926. Oppfølgjaren The House at Pooh Corner kom ut i 1928. Bøkene er blitt omsett til ei rekkje språk, fleire gonger til norsk.
Winnie the Pooh er ein amerikansk animert filmkomedie frå 2011, produsert av Walt Disney Animation Studios og utgjeven av Walt Disney Pictures. Han er den 51. animerte langfilmen til Disney.