From Wikipedia, the free encyclopedia
Ya'an (kinesisk: 雅安; pinyin: Yǎ'ān) er eit byprefektur midt i provinsen Sichuan i Kina. Byprefekturet har eit areal på 15 354 km², folketalet vart i 2004 berekna til 1,53 millionar.
Byprefekturet Ya'an omfattar eitt distrikt (区 qū) og sju fylke (县 xiàn).
Kinas riksveg 108 går gjennom området. Riksvegen tek til i Beijing og fører via Taiyuan, Xi'an og Chengdu sør til Kunming i den sørvestlege provinsen Yunnan.
Også Kinas riksveg 318 går gjennom prefekturet, han er ein av dei lengste hovudvegane i Folkerepublikken Kina. Vegen tek til i Shanghai og er mellom anna innom Wuhan og Chengdu før han går inn i Tibet og Lhasa og heilt fram til ein kinesisk grenseovergang mot Nepal i Zhangmu.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.