From Wikipedia, the free encyclopedia
Westinghouse Electric Corporation er eit tidlegare amerikansk industriselskap med base i Pittsburgh. Det vart grunnlagd i 1886 av George Westinghouse.[1] Selskapet vart danna på grunnlag av at Westinghouse hadde overteke patentrettane til Nikola Tesla for vekselstraumteknikk. Det utvikla infrastruktur for elektrisitetsbruk i heile USA, og verka etterkvart innan ei rekkje felt som spente frå produksjon av turbinar, generatorar, motorar og anna utstyr til elektrisitetsproduksjon,[1] elektrotekniske konsumvarer og kjerneteknikk.[2]
I 1890 bygde selskapet Ames Hydroelectric Generating Plant i Colorado, verdas første kommersielle kraftverk for å produsera og senda ut vekselstraum. I 1937 bygde Westinghouse det første kjernekraftverket i USA, The Westinghouse Atom Smasher.[3]
I 1995 tok Westinghouse over kringkastingsselskapet CBS. Deretter skilde det ut og selde storparten av industriverksemda si, mellom anna til forsvarsindustrikonsernet Northrop Grumman. I 1997 bytta det namn til CBS Corporation.
I 1998 blei elektrisitetsdelen av verksemda, Power Generation Business Unit, seld til tyske Siemens AG. Eit år seinare selde CBS heile kjernekraftverksemda si til British Nuclear Fuels Limited (BNFL). I samband med dette blei rettar til nament Westinghouse Electric Corporation overførte til dette dotterselskapet. Westinghouse Electric Company blei seld vidare til japanske Toshiba i 2006.[4] Varemerket Westinghouse blir styrt av Westinghouse Licensing Corporation, eit dotterselskap til ViacomCBS.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.