From Wikipedia, the free encyclopedia
Vu de l'Exterieur er eit musikkalbum av den franske artisten Serge Gainsbourg frå 1973.
Vu de l'Exterieur Studioalbum av Serge Gainsbourg | ||
Språk | fransk | |
Utgjeve | 1973 | |
Innspelt | Phonogram Studio i London | |
Sjanger | Pop, rock | |
Lengd | 28:02 | |
Selskap | Phillips | |
Produsent | Peter Olliff | |
Serge Gainsbourg-kronologi | ||
---|---|---|
Histoire de Melody Nelson (1973) |
Vu de l'Exterieur | Rock Around the Bunker (1975)
|
Serge Gainsbourg var kjend som ein provokatør og stadige skandaløse opptrednar, og dette albumet var ikkje eit unntak. Tekstane på dette albumet omhandlar dei nedre delane av kroppen, inkludert promping og fising, analsex og skatologi. Her finst songar som «Le Poupee Qui Fait» («Dukka som går på do»), «Des Vents, des Pets, des Boums» («Vinden, prompane, drønna»), «Pamela Popo». Det heile er derimot pakka inn i vakre balladar og rolege rocke- og poplåtar, med svulstige strykearrangement som gjev ein tilsynelatande romantisk atmosfære for ikkje-fransktalande. Sjølv dei engelske musikarane på plata var ikkje klar over kva tekstane omhandla [1].
Songen «Je Suis Venu te Dire que Je M'en Vais» («Eg kom for å fortelje at eg dreg») omhandlar derimot ein person som reiser frå kjærasten sin og er kanskje den mest kjende songen på albumet. Gainsbourg spelte denne på fleire TV-opptrednar og konsertar utover 70- og 80-talet og songen er spelt inn av fleire andre artistar.[2].
Alle songar er av Gainsbourg.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.