From Wikipedia, the free encyclopedia
Viktor Viktorovitsj Majgurov (fødd 7. februar 1969) er ein russisk skiskyttar, fødd i Sverdlovsk i dåverande Sovjetunionen, som tevla for Kviterussland til 1994, sidan for Russland. Han vann VM-gull på jaktstarten i 1997 og to gullmedaljar i stafett for Russland i 1996 og 2000. Individuelt tok han elles eitt VM-sølv og ein OL-bronse, samt tre VM-sølv, ein OL-bronse og ein VM-bronse i ymse stafettar og lagtevlingar. I 1996 vart han nummer to i verdscupen i skiskyting.
Viktor Majgurov | |
Verkeleg namn | Виктор Викторович Майгуров |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 7. februar 1969 (55 år) Severouralsk, Tsjerjomukhovo |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | Vinter-OL 1994, biathlon at the 2002 Winter Olympics – men's individual, biathlon at the 1998 Winter Olympics – men's relay |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse, Sparkassenpreis für Vorbilder im Sport |
Majgurov representerte Kviterussland fram til 1994. Frå 1995 var han med på Russland sitt landslag i skiskyting. Gjennom 1996-sesongen gjekk han fleire gode renn i verdscupen i skiskyting, og enda på andreplass ved sesongslutt. I tida 1995-2001 vann Majgurov åtte renn i verdscupen i skiskyting.
Under VM i skiskyting 1996 i tyske Ruhpolding tok Majgurov sølvmedaljen på 10 km, bakom lagkameraten Vladimir Dratsjov. Dei same to karane og Sergej Tarasov og Vladimir Kobelev syrgde så for russisk siger i 4 x 7,5 km stafett. I tillegg vann Majgurov også ein sølvmedalje med Russland i lagtevlinga.
I 1997 vann Majgurov gullmedaljen på jakstarten under VM i slovakiske Osrblie. Under Vinter-OL 1998 i Nagano gjekk Majgurov Russland inn til bronsemedaljar på stafetten, tidlegare i leikane vart han nummer fire på 10 km. Seinare i OL-sesongen fekk han ein VM-medalje i lagtevlinga. Året etter vart Russland med Majgurov på laget nummer to i VM-stafetten.
Majgurov vann sitt andre stafettgull då Russland i VM 2000 vann 4 x 7,5 km i Lahti. Han gjekk startetappen og fekk fylgje av Sergej Rozjkov, Vladimir Dratsjov og Pavel Rostovtsev. Året etter vart han nummer fem på 20 km ved VM i Pokljuka, medan han tok bronsemedaljen i same øvinga under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City. I sitt siste verdsmeisterskap, VM 2003 på heimebane i Khanty-Mansijsk, sikra han seg ei sølvmedalje med det russiske staffettlaget. Han la deretter opp som aktiv skiskyttar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.