From Wikipedia, the free encyclopedia
Vendsyssel er eit område nord på Jylland i Danmark som ligg mellom havområda Skagerrak og Kattegat. Området, som er eit syssel etter mellomalderens administrative inndeling av Danmark, er om lag 3000 km² stort og utgjer størstedelen av øya Nørrejyske Ø. Mot sør er Vendsyssel skild frå Nørrejylland av Limfjorden.
Vestkysten av Vendsyssel er prega av sandstrender med klintar opp mot landskapet attom (klint er her ein steil skrent av morenemasse frå istida, samansett av såpass fast leirblanda sand og grus at det vert ein vegg). Somme stadar, til dømes ved Lønstrup og Hirtshals, går desse istidsavleiringane heilt frem til sjøen, utan sandstrand mellom. Frå 1930-åra er det bygde store sommarhusfelt i det som i tidlegare tider var aude strandsonar med flygesand, som til dømes ved Blokhus og Løkken.
Morenebakker med randmorenen Jyske Ås som den mest markante, utgjer dei sentrale lutane av Vendsyssel. Sandflukt er til stor plage på vestkysten. Skagens Odde med den store såkalla vandreklit (sanddyne) Råbjerg Mile, ein sandørken med sanddynar som vinden har skapt og stendig flyttar på, vert rekna som et marint flygesandlandskap i særklasse, og er freda. Kysten sør for Frederikshavn kjenneteiknast ved eit lavt og smalt klitbælte, eit flygesandbelte med strandenger som er avgrensa frå havet som små laguner bak sandbarrierar. På den sørlege luten av Vendsyssels er det vide sletter med myrar, med nedbørsmyra Store Vildmose som den største. Myra er no for ein stor del dyrka og drenert ved hjelp av kanalar med utløp til elva i Ryå. Men eit areal på 1853 hektar av myra er freda av naturvitskaplege og arkeologiske årsaker.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.