From Wikipedia, the free encyclopedia
Velling (av norrønt vellingr) er ein tynn graut eller tjukk suppe av gryn eller mjøl.[1][2] Ein kan laga velling med vatn, mjølk eller ei liknande væske, og ulike typar korn, som bygg, havre, hirse, kveite, mais og ris, eller andre planteprodukt, som eikenøtter, kastanjar, sago[3] og potet.[4]
Graut og velling er og har vore ein utbreidd type kvardagskost. Dei gamle grekarane og dei romerske plebeiarane kunne ha det som basiskost med olje, grønsaker og salt fisk til.[5] I eldre norsk kosthald kunne ein eta velling tre-fire gongar dagleg.[6] Ein kunne til dømes eta velling med sild eller flesk.[7]
I risdyrkande område er risvelling eller rissuppe utbreidd, og finst i ei rekkje variantar. Dei blir ofte kalla congee, eit ord avleidd frå tamil. På mandarin heiter retten zhōu og på kantonesisk jūk. Lokalt kan ein også laga desse rettane med andre kornslag. Risvelling er utbreidd som frukostrett.[8]
I tradisjonelt maisdyrkande område kan ein laga velling av masa, eller maisdeig. Denne retten er kjend som atole og kan serverast varm eller kald.[9]
I norsk mattradisjon har ein laga mange typar velling med meieriprodukt, som myse, saup og surprim.[6] Klotvelling, kleppvelling, kromvelling eller kleppsuppe er kokt på mjølk og har deigklumpar i.[10]
Velling er ein typisk fattigmannskost som også ofte blir rekna som god for helsa og fordøyinga. Hippokrates rosa byggvelling som sunnare enn brød.[11] Ifølgje buddhistisk tradisjon skal Buddha ha anbefalt risvelling som god for kroppen og mot svolt og tørste og i Yāgu Sutta.[12][13]
I engelskspråkleg kultur er velling – gruel – særleg kjend frå Charles Dickens sine skildringar frå Oliver Twist (1838), der arbeidshuset der ein huser fattige og foreldrelause har «ein utømeleg tilgang på vatn» og «små mengder havremjøl.»[lower-alpha 1] Når Oliver ber om litt meir, blir han straffa.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.