Våg er ei gamal norsk måleeining for masse. Størrelsen på våga har variert mellom landsdelar om mellom kva som er målt, men tilsvarer oftast om lag 18 kg. Ordet kjem frå norrønt vág '(å) vege'.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Våg (fleirtyding).
I følgje Kristian den fjerdes norske lov av 1604 er
- 1 våg = 3 bismarpund = 72 merker.
- 8 våger= 1 skippund.[1]
Med varierande størrelse på marka, gir det ulike tyngder på våga:[2]
- 1600-talet: Ei mark tilsvarte 257,18 g, 1 våg vart 18,56 kg
- 1683: Ei mark tilsvarte 249,875 g, 1 våg vart 17,99 kg
- 1824: Ei mark sett tilsvarande 249,056 g, 1 våg vart 17,93 kg.
- 1875: Ei mark skulle reknast lik 250 g, i våg skulle reknast til 18 kg.[3]
Lokalt kan det likevel ha vore brukt andre slags våger, avhengig av kva slags varer som vart vegne opp. I heile Vest-Noreg har det vore brukt våg på 90 merker av 257,18 g, eller 72 merker a 321,48 g, til veging av mjøl, ei slik våg tilsvarte heile 23,15 kg. Det er også kjend ei eiga våg på 82 mark kølnsk vekt, denne våga tilsvarte 19,18 kg.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.