Valles Marineris

From Wikipedia, the free encyclopedia

Valles Marineris

Valles Marineris (latin for Marinerdalane) er eit dalsystem på planeten Mars. Det blei namnsett etter romsonden Mariner 9 som oppdaga det i 1971. Dalen er ein enorm riftdal som til dels kan samanliknast med Riftdalen i Afrika i opphav og storleik. I tillegg er dalen på Mars pynta på av katastrofeflaumar og ras. Valles Marineris er 4000 km lang og er opp til sju km djup. Breidda er opp til 200 km.

Valles Marineris skjer gjennom eit stort område på Mars

Juvet går frå Noctis Labyrinthus-området i vest til det kaotiske terrenget i aust. Dei fleste forskarane er samde om at Valles Marineris er ein stor tektonisk «sprekk» i skorpa på Mars. Dalen blei danna medan planeten kjøla seg ned, påverka av hevinga av skorpa i Tharsis-området i vest og seinare utvida av erosjonsprosessar. Nær dei austlege utkantane er det enkelte kanalar som der ut til å ha blitt danna av vatn.


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.