From Wikipedia, the free encyclopedia
Ultralyd er lyd med ein frekvens som er høgare enn det eit menneskeleg øyre kan høyre. Til vanleg er denne grensa om lag 20 kilohertz hos unge. Nokre dyr, til dømes hundar, delfinar og flaggermus kan høyre høgare frevensar enn mennesket, desse kan altså høyre delar av ultralyd-området. Ultralyd blir nytta innanfor tekniske fag og medisin.
Grovt sett kan ein dele medisinsk bruk av ultralyd i tre:
Ultralyd blei først nytta diagnostisk for å sjå på hjarte; ekkokardiografi. Ultralyd blir også nytta for å sjå anna vev, indre organ, ledd, dei store blodkara, innan nevrologien og for å sjå på foster under graviditeten. Ultralyd for diagnostikk er basert på lydbølgjer i området 1 til 15 megahertz som blir sendt og motteke av ein transdusar, signala blir gjort om til bilete, kurvar eller lydsignal.
Ultralyddiagnostikk skil seg frå dei fleste andre former for bilet-diagnostiske undersøkingar med kvaliteten er sterkt avhengig av korleis datainnsamlinga vert utført, så undersøkinga er operatøravhengig. I Noreg er det oftast legar som gjer ultralydundersøkingar, eit untak er undersøkingar av foster som òg blir gjort av jordmødre. Ved nokre større norske sykehus blir ekkokardiografi gjort av spesielt utdanna personale.
Legar får si opplæring i ultralyddiagnostikk som ein del av si spesialisering, jordmødre har eit videreutdanningstilbod i ultralyd ved NTNU i samarbeid med Nasjonalt Senter for Fostermedisin.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.