Tsjernihiv oblast (ukrainsk Чернігівська область Tsjernihivska oblast ) er ei politisk eining på provinsnivå (oblast) i det nordlege Ukraina. Hovudstaden i provinsen er byen Tsjernihiv.
Tsjernihiv oblast | |||
Чернігівська область | |||
oblast | |||
|
|||
Kallenamn: Чернігівщина (Tsjernihivsjtsjyna) | |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
By | Tsjernihiv, Nizjyn, Prylukyj | ||
Rajon | 22 | ||
Byrajon | 3 | ||
Byar | 78 | ||
Landsbyar | 1494 | ||
Hovudstad | Tsjernihiv | ||
Areal | 31 865 km² | ||
Folketal | 959 315 (1. januar 2022)[1] | ||
Grunnlagd | 15. oktober 1932 | ||
Språk | ukrainsk | ||
ISO 3166-2 kode | UA-74 | ||
Postnummer | 14–17xxx | ||
Retningsnummer | +380 46 | ||
Bilnummer | СВ | ||
Tsjernihiv oblast 51.34°N 32.06°E | |||
Kart som viser Tsjernihiv oblast.
| |||
Wikimedia Commons: Chernihiv Oblast | |||
Geografi
Provinsen har ei flatevidd på i kring 31 900 km². Han grensar i vest mot Kievdammen i elva Dnepr og mot Kyiv oblast, mot Sumy oblast i aust, og Poltava oblast i sør. Tsjernhiv oblast si nordgrense dannar Ukrainas statsgrense mot høvesvis Belarus (Homiel voblast) i nordvest og Russland (Brjansk oblast) i nordaust.
Tsjernhiv oblast vert av elva Desna delt i ein nordleg part og ein sørleg part. Desna renn ut i Dnepr straks nord for Kyiv sine bygrenser.
Demografi
I 2006 var folketalet i Tsjernhiv oblast 1 156 609, i 2022 hadde folketalet minka til 959 315. Størstedelen av innbyggjarane er ukrainarar, mindre grupper av belarusarar og russarar er konsentrert om dei nordlegaste distrikta.
Folketalet i provinsen har vore fallande i lang tid, og fallet er kraftigare enn i nokon annan ukrainsk provins. I 1959 budde 1 554 000 menneske i provinsen. Ingen annan provins i Ukraina er så tynt folkesett.
Økonomi
Tsjernihiv oblast sitt næringsliv dreiar seg mykje om utvinning av petroleum og naturgass, produksjon av maskinar, tilverking av tobakk og tekstilindustri. Ein stor tobakksfabrikk ligg i Pryluky. Byane Bakhmatsj og Nizjyn er viktige knutepunkt for jarnbaner frå Russland og Kviterussland til Søraust-Europa. I Tsjernhiv by ligg maskinverkstader og elektronikkindustri.
Rajon
Rajonar (distrikt) i Tsjernihiv oblast:
|
|
|
|
|
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.