Transkjønn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Transkjønna personar har ein kjønnsidentitet eller eit kjønnsuttrykk som skil med kjønnet dei vart tillagt ved fødsel.[1][2][3] Transkjønn har dels overlappande tyding med transseksuell og kjønnsinkongruens. Omgrepet femner i tillegg til personar med kjønnsidentitet motsett den tildelt ved fødsel (transmenn og transkvinner) også personar som overskrid eller rører seg mellom feminin og maskulin og lever parallelt med, og ikkje innanfor, tokjønnsmodellen.[2][4][5] Andre definisjonar av transkjønn har med personar som tilhøyrer eit tredje kjønn, eller ser transkjønna som det tredje kjønnet.[6][7]

Å definere seg som transkjønna seier ingenting om seksuell legning:[8] transkjønna har same legningsspekteret som hine og kan definere seg som heteroseksuelle, homoseksuelle, biseksuelle, panseksuelle, aseksuelle, eller avstå frå å setje noko merkelapp på den seksuelle legninga si. Omgrepet transkjønn femner ikkje intersex, ein term som vert brukt om personar som er fødd med fysiske kjønnskarateristika som ikkje passar med den typiske tokjønnsmodellen av kvinnelege og mannlege kroppar.[9] Ein annan term som vert brukt om kjønnsidentitet er cis-kjønn, eit omgrep som vert brukt om personar med kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk som svarer til kjønnet dei var tillagt ved fødsel.
Mange transkjønna opplever kjønnsdysfori, altså sterk kvide på grunn av mangel på samsvar mellom kroppslege eigenskapar og identitet, og somme vender seg til lækjarar og helsetenester for å få medisinsk hjelp i form av hormonterapi, kjønnsstadfestande kirurgi eller psykoterapi.[10] Det er ikkje alle transkjønna personar som ønskjer slik behandling, medan andre ikkje kan få det av helsemessige grunnar eller fordi dei ikkje har råd.[10][11]
Det er utbreidd diskriminering av transkjønna i arbeidslivet[12] og når det gjeld tilgang til offentlege tilbod[13] og helsetenester.[14] Mange stader har ikkje transkjønna lovvern mot diskriminering.[15]
Lovgjeving
I somme land legg lovverket til rette for at folk kan endre juridisk kjønn og namn slik at det speglar kjønnsidentiteten deira. Kva som kravst for at ein skal få gjere det ymsar frå klår, formell diagnose av transseksualisme til ein diagnose av kjønnsidentitetsforstyrring, til at ein lækjar går god for at personen treng å skifte juridisk kjønn eller har annan kjønnsrolle.[16] I Noreg er det frå 1. juli 2016 opp til ein sjølv å avgjere om ein skal skifte juridisk kjønn. Før 2016 måtte ein diagnostiserast, gjennomgå medisinsk behandling og late seg sterilisere/kastrere for å få byte juridisk kjønn.[17]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Vidare lesnad
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.