norsk diskoskastar From Wikipedia, the free encyclopedia
Tormod Lislerud (fødd 25. juni 1940) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Degernes som vann ni norske meisterskap i diskoskasting i tida 1965-74. I 1971 sette han norsk rekord med 59,98 meter. Han var medlem av Freidig og seinare Ski Idrettslag.
Tormod Lislerud | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. juni 1940 (84 år) Rakkestad kommune |
Idrett | friidrett |
Gjennom tolv sesongar, 1963-74, tok Lislerud tolv medaljar i diskokasting. Han enda opp med ni gullmedaljar, ein sølvmedalje og to bronsemedaljar.
I 1968 flytta han den personlege rekorden til 55,36 m, hans fyrste kast over 55 m. Under eit stemne i Malmö sommaren 1970 kasta han fire gongar over den norske rekorden til Harald Lorentzen på 56,78 m, med høvesvis 56,94 – 57,18 – 57,42 og 56,96 m. Det vart likevel ikkje norsk rekord på Lislerud, ettersom Iver Hole i same stemnet til slutt slo til med heile 59,54 m. Seinare i 1970 forbetra Lislerud den personlege rekorden til 58,02 m.
Den 4. september 1971 sette Lislerud sin einaste norske rekord då han oppnådde 59,98 m heime på Ski. Denne rekorden vart ståande til Knut Hjeltnes i 1975 vart fyrste nordmann med eit diskoskast over 60 m. Då hadde Lislerud lagt opp.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.