norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Torgeir Eikstad Micaelsen (fødd 20. mai 1979 i Bergen) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Buskerud fylke i 2005 og vald på nytt ved stortingsvalet 2009. Han er utdanna bachelor frå Universitetet i Oslo 1999 og var medlem av Nedre Eiker kommunestyre 1999-2003, leiar av Buskerud AUF 1999-2001, og nestleiar i Buskerud Ap frå 2004 til 2006.
Torgeir Eikstad Micaelsen | |||
| |||
Fødd | 20. mai 1979 (45 år) Bergen | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo Handelshøyskolen BI | ||
Alle verv |
|
Før Micaelsen vart politikar på heiltid, arbeidde han som lærarvikar 1999-2002 og deretter i underhaldningsbransjen gjennom selskapet Monkeybusiness saman med makker Kristoffer Reinsfeldt Arnesen, også kjent frå NRK P3. I 2004–2005 jobba han som seljar i Norsk Møteforum AS.
Han vart lagt merke til då han i valkampen i 2003 vart slått av FrP-politikaren Martin Schanche for ope kamera ved ein partidebatt ved ein vidaregåande skule i Buskerud. Dette hende etter at Micaelsen og fleire andre i panelet hadde ropt til Schanche om at han var feig som trekte seg frå debatten før denne var ferdig.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.