norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Tor Fuglset (fødd 23. april 1951) er ein tidlegare fotballspelar og journalist frå Molde. Han var ein teknisk dyktig angrepsspelar.
Tor Fuglset | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. april 1951 (73 år) Molde kommune |
Idrett | fotball |
Fuglset debuterte på tredjedivisjonslaget Molde FK i 1968 og spelte våren 1969 på Odda sitt lag på same nivå. Sommaren 1969 melde han overgang til topplaget Fredrikstad FK, der broren Jan Fuglset allereie var. Frå vårsesongen 1971 til sommaren 1972 spelte Tor Fuglset på oslolaget Lyn. Han var så overført til nederlandske FC Den Haag. Etter to skadeplaga sesongar i Nederland gav han opp fotballen. I 1979 gjorde han forsøk på å kome tilbake i Molde-drakta, men måtte gje opp for godt.
Talentfulle Tor Fuglset hadde både junior- og ungdomslandskampar bak seg då han fekk sin landslagsdebut på Noregs A-lag i september 1970. Fram til november 1972 deltok han i 9 landskampar og skåra 2 mål. Han skåra på straffespark i debutkampen 13. september og i EM-kvalifiseringskampen mot Bulgaria i Sofia 15. november 1970, eit oppgjer som enda uavgjort 1–1.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.