From Wikipedia, the free encyclopedia
Topplokket på ein motor stenger av sylindtoppane. Omgrepet topplokk, eller sylindertopp, vert nytta sjølv om sylindrane er plasser horisontalt (som på ein horisontalt plassert rekkemotor, eller på ein boxermotor, står på skrå (som på n v-motor, eller heng opp-ned (som på ein stjernemotor).
På firetaktsmotorar har topplokket kanalar for tilførsel av innsugingsluft (dieselmotorar) eller luft/gass-blanding (ottomotorar) og innsugings- og utblåsingsventilane er plasserte i topplokket. Totaktsmotorar syg som oftast inn luft/gass-blandinga og bles ut eksosen gjennom opningar i sylinderveggen.
På ottomotorar står tennpluggane i topplokket, medan dieselmotorar med direkte innsprøyting har innsprøytingsdysene i topplokket.
På motorar med veskekjøling har topplokket kjølekanalar innvendig, medan det på luftavkjølte motorar har kjøleribber. Topplokket er ein av dei mest kompliserte delane på ein forbrenningsmotor og har stor betydning for eigenskapane til motoren.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.