From Wikipedia, the free encyclopedia
Tom Andre Hilde (fødd 22. september 1987) er ein norsk skihoppar frå Asker. Han vart norsk meister i normalbakken i 2013 og har vunne fire sølvmedaljar og to bronsemedaljar med det norske hopplandslaget åra 2007-11. Hilde er medlem i Asker Skiklubb.
Tom Hilde | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. september 1987 (36 år) Bærum kommune |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Skihopp under Vinter-OL 2010 – Lag |
Hilde fekk sitt store gjennombrot i hoppbakken i 2008-sesongen. Då vann han to renn i verdscupen, den tredje sigeren i verdscuprenn kom i 2011. Fire gongar i perioden 2007-11 har han vore med å vinne sølvmedaljar for Noreg i lagtevlingar under verdsmeisterskapane, han var og med i kvartetten som vann bronsemedaljar under Vinter-OL 2010. Også i lagtvlinga under skiflygings-VM 2008 var han med å vinne bronsemedaljar. Femteplassen i normalbakken i VM 2011 er hans beste individuelle plassering i internasjonale meisterskap. Han vart nummer tre i den tysk-austerrikske hoppveka 2010/11. Vinteren 2013 kneip han gullmedaljen i noregsmeisterskapen i normalbakken i Rena, framom Anders Fannemel.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.