From Wikipedia, the free encyclopedia
Titanar var i følgje gresk gudelære eit slag gudar som levde før og samtidig med dei olympiske gudane. Dei var barn av urgudane himmelen, Uranos, og jorda, Gaia og mange av barna deira, med dei olympiske gudane som eit viktig unntak. Mange av titanane har gjeve namn til planeten Saturn sine månar.
Hesiod sitt storverk om gudane, Theogonia, er hovudkjelda for det me veit om dei greske gudane. Fragment frå andre verk viser likevel at Hesiod berre fortalde ei historie, medan dei gamle grekarane hadde mange andre.
Hesiod seier at titanen Kronos gjorde opprør mote Uranos fordi han hadde sperra mange av dei andre barna han og Gaia hadde i Tartaros, inne i jorda. Kronos kastrerte og uskadeleggjorde far sin, og tok så sjølv over makta. Andre kjelder seier at Kronos drap Uranos.
Men historia gjentok seg: Kronos fekk barn med søster si, Rheia, og svelgde dei fordi han var redd dei skulle skada han. Rheia klarte å gøyma unna Zevs, som så drap Kronos og fridde søskena sine. Kronos vert tilsvara med guden Saturn i romersk mytologi.
Deretter førte Zevs og søskena hans, dei olympiske gudane, krig mot titanane om kven som skulle ha makta. Titanane tapte, og Zevs sende dei fleste av dei til Tartaros. Titanane som hadde støtta han eller vore nøytrale fekk likevel vera igjen på jorda. Dette gjaldt mellom anna mor til Zevs, Rheia.
Historia om titankrigen har fleire likskapar med krigen mellom æsene og vanene i norrøn gudelære. Det er mogleg at det i begge tilfelle dreier seg om konflikten mellom gudesystema når eit nytt folkeslag kom inn i området. Konflikten blei løyst ved at fleire gamle gudar blei tekne inn i det nye gudebildet, medan andre blei gløymd.
Det er usikkert kva det greske ordet titanos kjem frå. Hesiod meiner det betyr «dei som stridest», andre kjelder seier det betyr «hemnarar», og andre igjen meiner det kjem frå titax (hannkjønn) og titene (hokjønn), som betyr «herskarar».
Sidan er ordet titan blitt brukt om noko svært stort, på same måte som gigantisk. Dette kan ha kome frå ei forveksling med gigantane, ei anna gresk gudeaktig slekt, eller av at titanane blei oppfatta som svært store. Titanen Atlas hadde mellom anna oppgåva å bera himmelen på skuldrene, og må derfor ha vore ganske stor.
Hesiod nemner tolv titanar som var barn av Uranos og Gaia, i tillegg til mange av barna deira. Men det fanst fleire tidleg-greske gudar, og derfor finst det òg lister med andre førstegenerasjonstitanar.
Dei eldste titanane | Barn av desse |
Okeanos og Tethys | Okeanidene |
Hyperion og Theia | Helios, Selene og Eos |
Krios og Eurybia | Astraios, Pallas og Perse |
Iapetos og Klymene | Atlas, Prometevs, Epimethevs og Menoetius |
Koios og Foibe | Leto og Asteria |
Kronos og Rheia | Dei olympiske gudane (ikkje titanar) |
Themis | Skjebnegudinnene |
Mnemosyne | Dei ni musene og timane |
Phorcys (ikkje nemnt av Hesiod) | Fleire monster |
Dione (ikkje nemnt av Hesiod) | Afrodite |
Den største månen til planeten Saturn heiter Titan. Av dei totalt 60 saturnmånane er Tethys, Rhea, Hyperion og Iapetus oppkalla etter titanar – søskena til Kronos (= Saturn) – medan Atlas, Prometheus og Epimetheus er oppkalla etter sønene til titanen Iapetos. Det er den engelske skrivemåten av namna som blir brukt for månane.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.