From Wikipedia, the free encyclopedia
Thorbjørn Justus Steger Frølich (7. oktober 1848–12. november 1938) var ein norsk prest, politikar og forfattar, fødd i Christiania. Forretningsmannen Fritz H. Frølich var far hans, medan Henrik og Georg Frølich var to eldre brør.
Thorbjørn Frølich | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. oktober 1848 |
Død |
12. november 1938 (90 år) |
Yrke | prest |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Far | Fritz Heinrich Frølich |
Frølich vart student frå Nissens skole i Kristiania i 1868 og cand. theol. i 1873. År 1875 vart han styrar ved den private jenteskulen på Lillehammer, der han også heldt kortare kurs for vaksne kvinner. Frå 1881 til -92 var han sokneprest i Masfjorden, dei neste ni åra hadde han same embetet i Ådalen i Buskerud. Medan han var i Masfjorden var han ordførar 1884-89, der han var ein føregangsmann både i hagebruk, jordbruk og for opplysingsarbeidet. Elles var han forlikskommissær 1885-87 og valmann 1882-88. Både på valtinget i 1882 og i 1885 kom han på varamannsplass til Stortinget, som ihuga venstremann.
Frå 1901 var Frølich forfattar og dreiv ulike vitskaplege studiar. I 1905 var han formann i den republikanske setralkomiteen og i Norges Fredsforening. Frå 1908 hadde han statsstipend, noko som mellom anna resulterte i fembandsverket F. H. Frølich og hans samtid (1912-39). Andre lokalhistoriske verk handla om Lillehammer og om Masfjorden.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.