From Wikipedia, the free encyclopedia
Thomas Cathinco Bang (25. januar 1827–13. april 1902) var ein norsk embetsmann, stortingsmann for Høgre og statsråd frå Drammen. Thomas Bang var far hans.
Thomas Cathinco Bang | |||
Fødd | 25. januar 1827 Drammen kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 13. april 1902 (75 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, jurist | ||
Far | Thomas Bang | ||
Barn | Thomas Cathinco Bang | ||
Alle verv |
|
Bang var fødd på Strømsø i Drammen. Han var student frå Drammens skole i 1843 og cand. jur. i 1849. 1849-52 var han sekretær for ein kongeleg kommisjon som undersøkte mogleg misleg framferd ved Kongsberg sølvverk. Deretter var han frå 1852 tilsett i Indredepartementet, frå 1858 byråsjef ved brannforsikringskontoret og 1867 ekspedisjonssjef i same. I 1872 vart han borgarmeister i Drammen. 1883-84 var han amtmann i Buskerud amt. Bang var så, 1884, indreminister i den kortvarige Schweigaard-regjeringa. Etter han gjekk ut av statrådet vart han atter borgarmeister i Drammen, før han i 1890 på ny vart amtmann i Buskerud.
Åra 1877-94 var Bang stortingsrepresentant for Drammen. Han var medlem av protokollkomiteen 1877-88, av fullmaktskomiteen 1883-84, 1886-94, sekretær 1889 og formann 1890-91 i sistnemnde. Formann 1889-91 og medlem 1892-94 av valkomiteen, formann 1889-91 av næringskomite nr 1, medlem 1892-94 av næringskomite nr 2. Elles var han president i Stortinget 1890-91 og medlem av Lagtinget 1889-94. På Stortinget høyrde Bang med mellom dei leiande på den konservative sida av politikken.
Bang døydde 1902 i Drammen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.