Theodore Gill
amerikansk bibliotekar From Wikipedia, the free encyclopedia
amerikansk bibliotekar From Wikipedia, the free encyclopedia
Theodore Nicholas Gill (21. mars 1837–25. september 1914) var ein fiskeforskar frå New York i USA. Gill var professor i zoologi ved George Washington University i Washington, D.C.
Theodore Gill | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 21. mars 1837 New York by |
Død |
25. september 1914 (77 år) |
Yrke | bibliotekar, zoolog, akademikar, iktyolog, faglitterær forfattar, skribent, malakolog, paleontolog, taksonom |
Språk | engelsk |
Medlem av | National Academy of Sciences, Megatherium Club, Literary Society of Washington |
Theodore Gill på Commons |
Theodore Gill gav ut meir enn 500 vitskaplege artiklar, dei fleste innan iktyologi, men frå 1870-åra studerte han også andre dyretypar. Han var akta som taksonom og klassifiserte særleg familiar og ordenar.
Gill skildra mellom anna familiane epåletthaiar (Hemiscyllidae) i 1862, sabeltannkattar (Machairodontinae), furespissmus (Solenodontidae) og manatar Trichechidae i 1872 og tangsprellfamilien (Pholidae) i 1893; slekta hyse (Melanogrammus) i 1862; og artane gulhala kirurgfisk (Prionurus punctatus) i 1862, kortnasa ål (Simenchelys parasitica) i 1879, Lucas-barracuda (Sphyraena lucasana) i 1863.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.