album av David Bowie From Wikipedia, the free encyclopedia
The Next Day er det 24. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, utgjeve 8. mars 2013 på selskapet hans ISO Records, med eksklusiv lisens til Columbia Records. Det vart samprodusert av Bowie og mangeårige samarbeidspartnaren Tony Visconti og vart spelt inn i løyndom i The Magic Shop og Human Worldwide Studios i New York City mellom 2011 og 2013. Det er hovudsakleg eit rockealbum med element av kunstrock. Plateomslaget er ein tilpassa versjon av omslaget til “Heroes” frå 1977, med ein kvit firkant med albumtittelen som skjuler andletet hans. Albumet vart annonsert på 66. årsdagen til Bowie, 8. januar 2013.[1] Nettsida til Bowie vart oppdatert med ein video for singelen «Where Are We Now?», og singelen vart samstundes lagt ut for sal på iTunes Store.
The Next Day Studioalbum av David Bowie | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. mars 2013 | |
Innspelt | Mai 2011 – februar 2013 | |
Studio | The Magic Shop, Human Worldwide på Manhattan i New York City | |
Sjanger | ||
Lengd | 53:17 | |
Selskap |
| |
Produsent |
| |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
A Reality Tour (2010) |
The Next Day | Nothing Has Changed (2014) |
Studioalbum av David Bowie-kronologi | ||
Reality (2003) |
The Next Day | Blackstar (2016) |
Singlar frå The Next Day | ||
|
Det var det første albumet til Bowie med nytt materiale på ti år, etter Reality i 2003, og overraska fans og media som hadde trudd at han hadde trekt seg attende frå musikkindustrien.[2] Heile albumet vart strøymd på iTunes dagar før den offisielle utgjevinga.[3] The Next Day Extra, var ein ekstra disk med ytterlegare fire spor og remiksar av songar frå det originale albumet, som kom ut i november.[4] The Next Day vart kritikarrost og var det første albumet til Bowie som gjekk til topps på den britiske albumlista sidan Black Tie White Noise i 1993.[5] Det vart rangert som det nest beste albumet i 2013 (likt med Blue October sitt Sway) av det tyske musikkmagasinet Kulturnews og vart nominert til Mercury-prisen i 2013.[6] Albumet vart nominert til Grammyprisen for beste rockealbum og for årets britiske album under Brit Awards i 2014.
Albumet vart inkludert i 2014-utgåva av Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.
Albumet vart spelt inn i The Magic Shop og Human Worldwide Studios i New York City.[7] Bowie og produsenten Tony Visconti arbeidde i løyndom i lag med lydteknikaren Mario J. McNulty i løpet av ein toårsperiode.[8] Innspelingane var sporadiske og Visconti har rekna at det berre tok kring tre månader samla sett å få spelt inn demoar og heile albumet. Visconti sa at innspelinga av albumet byrja med ei veke i studio: «Sterling Campbell var på trommar, eg var på bass, David var på klaverinstrument, Gerry Leonard var på gitar. På slutten av fem dagar hadde vi demoar av eit dusin songar. Berre strukturar. Ingen tekstar, ingen melodiar og alle arbeidstitlar. Slik byrjar alt med han. Så tok han dei med heim, og vi høyrde ikkje noko anna frå han på fire månader.»[9] Bowie forsvann med musikken «for å sikre at han var på dette rette sporet», og så bringe bandet attende for det neste steget i innspelinga når han var klar. Visconti skildra innspelingane som «intense», men dei heldt seg til vanleg arbeidstid. «Den siste gongen me heldt på heile natta var Young Americans».[9]
Under pausar frå studio gjekk Visconti rundt i gatene i New York og høyrde på musikk frå The Next Day på øyretelefonane:[8] «Eg gjekk rundt i New York med hovudtelefonane på og såg på alle menneska med Bowie-skjorter på - dei er overalt her - og tenkte: 'Åh hadde du berre visste kva eg høyrer på akkurat no.'»[9]
Trass i meldinga om at det ikkje var gjesteartistar på albumet,[10] brukte Bowie somme av musikarane han hadde spelt med tidlegare, inkludert Earl Slick, som spelte inn sine delar for albumet i juli 2012.[11] Bassgitaristen Gail Ann Dorsey og trommeslagaren Sterling Campbell, som begge hadde arbeidd med Bowie sidan 1990-åra, bidrog òg til albumet.[12] Dorsey song vokal for songen «If You Can See Me».[13] Trommeslagaren Zachary Alford[14] og gitaristane Gerry Leonard og David Torn vart henta inn for innspelinga og Slick avslørte at Visconti òg spelte bass.[12] Saksofonisten Steve Elson, som hadde arbeidd med Bowie sidan i 1980-åra, speler òg på albumet.[15] Det vart sagt at Robert Fripp, som tidlegare hadde arbeidd med Bowie i studio, vart invitert til å spele på albumet, men ikkje kunne fordi han hadde andre avtalar[16] men dette netta Fripp for, som sa «Eg har ikkje snakka med David på ei stundom og vart ikkje spurt [om å spele på albumet]», og la til «Eg er ikkje sint i det heile. Ingen er såra, eg er ikkje såra, berre ønskte å oppklare det.»[17]
Bowie gjekk langt for å halda innspelinga av albumet hemmeleg, og kravde at personar som var involverte i innspelinga signerte teielovnad. Bowie måtte byta innspelingsstudio etter ein dag då nokon i studio avslørte at Bowie var i studio der. Han flytta til studioet The Magic Shop, som dreiv studioet med eit skjelettmannskap på berre ein eller to tilsette på dagar då Bowie var der. Columbia Records sitt britiske PR-firma fekk vite om prosjektet berre nokre få dagar før albumet kom ut.[16]
Det kanadiske bandet Metric avslørte nesten løyndom då dei kom til Magic Shop uannonsert i 2011, og Bowie-saksofonisten Steve Elson sa han var freista til å avsløra alt saman.[18][19]
The Next Day er eit rockealbum,[20][21][22][23] hovudsakleg med kunstrock.[24] Tony Visconti sa til NME at The Next Day «er eit ganske så rocka album»[25] og Alexis Petridis i The Guardian rekna plata som «eit streit rockealbum.»[23][26]
Den første singelen var balladen «Where Are We Now?», ein song Visconti skildra som «det einaste sporet på albumet som går så mykje innover han».[25] Visconti meinte at Bowie valde «Where Are We Now?» som opningssingel fordi «folk måtte takle sjokket med at han var attende [etter ti år]» og at det introspektive preget på songen gjorde han til eit høvande val. Songen nådde sjetteplassen på den britiske singellista.[10] Opningsteksten på «Where Are We Now» minnest namnet på ein jernbanestasjon og ei gate i Vest-Berlin, der Bowie ein gang budde. Ein video som følgde singelen inkluderer rekvisittar som ei demontert fotoramme som ligg kassert på golvet i opningsbiletet, eit stort øyre i bakgrunnen og ei mjuk dukke med to hovud med dei rivne andleta til Bowie og ein stemmelaus motpart «limd» over. Teksten inkluderer òg linja «the moment you know you know, you know».
«The Stars (Are Out Tonight)» vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet 23. september 2021. Ein musikkvideo i form av ein kortfilm hadde premiere dagen før.[27] Songen vart spelt ein del på BBC Radio 2 og nådde 102. plassen på UK Singles Chart.
Visconti, som godtok forslaget frå intervjuaren om at han var Bowie si «røyst på jorda», kommenterte albumet til internasjonal presse og gav innsikt i dei enkelte spora.[13] Songane dekker eit breitt spekter av emne og er stort sett observasjonsmessige: dei fleste undersøker tankesetta til forskjellige individ.[13] «Valentine's Day» handlar om ei skuleskyting.[13] «I'd Rather Be High» fortel ei soge om ein soldat i andre verdskrigen.[13] Visconti skildra materialet som «ekstremt sterkt og vakkert». Han la til «om folk leiter etter klassisk Bowie vil dei finne det på denne plata, men om dei leiter etter den nyskapande Bowie, nye retningar, så vil dei finne det òg.»[25] Visconti sa at det vart spelt inn 29 spor for albumet og indikerte at songar som var til overs etter The Next Day kunne kome ut på eit seinare album. Visconti spekulerte i om Bowie kom til å gå attende i studio for å lage eit nytt album seint i 2013,[28] men det skjedde ikkje.
Plateomslaget for albumet er ein tilpassa versjon av Bowie-albumet “Heroes” frå 1977 med ein kvit firkant med tittelen på albumet plassert midt over det gamle omslaget og ein strek over den gamle tittelen.[29] Omslaget var designa av Jonathan Barnbrook, som òg designa omslaga for Heathen og Reality og oppfølgaren Blackstar. Det tildekte fotografiet tyder «å gløyme eller utslette fortida».[30][31] Det originale biletet vart teken av Masayoshi Sukita.[32] Barnbrook forklarte omslaget: «Om du skal tildekke eit album av David Bowie er det mange å velje mellom, men dette er eit av dei mest ærverdige, det måtte vere eit bilete som verkeleg ville merkast om det vart tildekt på ein eller annan måte, og me tenkte "Heroes" kom til å fungere best.»[33] Det vart lansert ein viral-marknadsføringskampanje for å marknadsføre albumet den 15. februar 2013. Kampanjen baserte seg på konseptet bak plateomslaget og tok tilsynelatande normale bilete og skjulte dei bak ein kvit firkant.[34]
The Next Day debuterte på toppen av UK Albums Chart og selde 94 048 eksemplar den første veka. Det var det niande albumet til Bowie som nådde toppen av albumlista i Storbritannia, og det første på 20 år sidan Black Tie White Noise (1993).[35] Albumet fall til andreplassen veka etter og selde 35 671 eksemplar.[36] Den tredje veka fall det til tredjeplassen og selde 23 157 eksemplar.[37]
I USA gjekk albumet inn på Billboard 200 på andreplassen og selde 85 000 eksemplar den første veka. Det var det beste eit Bowie album hadde selt på ei veke etter at Nielsen SoundScan kom i gang,[38] og den høgaste plasseringa hans på Billboard 200. Fram til desember 2016 hadde albumet selt 208 000 eksemplar i USA.[39] Andre stader toppa The Next Day listene i fleire land, inkludert Belgia, Kroatia, Tsjekkia, Danmark, Finland, Tyskland, Irland, New Zealand, Noreg, Polen, Portugal, Sverige og Sveits,[40][41][42][43][44] medan det nådde andreplassen i Australia, Austerrike, Canada, Frankrike, Italia og Spania.[40][45]
Songen 'I'd Rather Be High' vart vald ut for ein Louis Vuitton-reklame der Bowie sit på ein cembalo medan Arizona Muse syng songen.[46]
Meldingar | |
---|---|
Samla karakter | |
Kjelde | Karakter |
Metacritic | 81/100[47] |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [48] |
The A.V. Club | A−[49] |
The Daily Telegraph | [50] |
Entertainment Weekly | B[51] |
The Guardian | [52] |
The Independent | [53] |
NME | 8/10[54] |
Pitchfork | 7.6/10[55] |
Rolling Stone | [56] |
Spin | 5/10[57] |
The Next Day fekk god omtale av kritikarane. På Metacritic, som gjev ein vekta score opp til 100 basert på mange meldingar og vurderingar frå media, har albumet ein score på 81, basert på 44 meldingar.[47] Neil McCormick i The Daily Telegraph gav albumet fem stjerner og kalla det eit «modig, vakkert og forvirrande lynglimt gjennom sine eigne myter».[50] Andy Gill gav albumet fem stjerner for The Independent, og hylla albumet som «det beste comeback-album i rock'n'roll-historia», og la til at det er «like bra som noko anna han har laga».[53] The Guardian gav albumet fire stjerner og meinte det var «tankevekkande, rart og fylt med flotte songar».[1] Time Out London gav albumet ei positiv melding skreiv at det var eit «intelligent, minneverdig og til og med litt provoserande» tillegg til Bowie-diskografien.[58] I ei melding for BBC Music skreiv Jude Clarke at The Next Day «er ein triumferande, nesten trassig, retur. Innovativt, mørkt, dristig og kreativt, det er eit album berre David Bowie kunne laga».[59] I ei melding vurdert til 8 av 10 sa NME at «i staden for å finne opp Bowie på ny, absorberer det fortida hans og tar det vidare».[60] The Quietus skreiv ei positiv melding og konkluderte: «så meir enn halvparten av albumet er fantastisk, og resten er veldig, veldig sterkt.»[20] I Q skreiv Andrew Harrison at plata «kjennest som ei demning som brest», og dette er fordi albumet «er eit høgt, spanande, damprullande sjølvsikkert rock and roll-album fullt av støy, energi og ord som [...] som er så så kryptiske som dei nokon gong har vore [...] høyrest ut som dei desperat treng å bli sunge.»[61] Ein av få negative meldingar frå Storbritannia stod i The Wire.[62] Mark Fisher kalla The Next Day eit «ordinært, middelmåtig» album, og sa det var heilt ufortent for den vide heideren sin og at «bølgja av hyperbolen det skapte, peikar på eit vidare ubehag i samtidsmusikken» fordi det beviste at alt med låg kunstnarisk forteneste kunne oppnå suksess via «kunstig tima PR».
Meldingane i USA var hovudsakleg positive. The New York Times kalla albumet «Bowie sitt skumrings-meisterverk»,[63] medan Billboard meldaren skreiv: «Utansett kvar Bowie tar musikken – og det er nokre augneblink der det ser ut til å gå til eit avskrekkande territorium - finn han ein melodisk knagg å svinge på ... Denne alkymien er nesten magisk.»[64] USA Today gav plata fire av fire stjerner og kalla det «ein strålande heimkomst».[65] The A.V. Club merka albumet som «eit fantastisk, resonant uttrykk».[49] CBS News gjekk så langt som å kalla albumet «det beste Bowie har laga til no».[66] Spin kritiserte somme av songane: «Kollisjonen mellom retorikk og intensjonar resulterer i både fargelause abstraksjonar som pianoballaden og den første singelen 'Where Are We Now', og store melodrama som 'You Feel So Lonely You Could Die', som endar med dei same trommene som på 'Five Years'.»[57] Albumet var inkludert i 2014-utgåva av Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[67]
Bowie insisterte på at det ikkje ville bli nokre liveframferder til å marknadsføre albumet, og Visconti sa til NME, «Han er ganske fast bestemt på at han aldri kjem til å opptre live igjen ... Ein av karane sa, 'Korleis skal vi gjere alt dette live?' og David sa: 'Det skal vi ikkje'. Han gjorde eit poeng av å seie det heile tida.»[68] Men Visconti sa seinare at han ikkje hadde sagt at Bowie aldri kom til å stå på scenen igjen, berre at han ikkje kom til å turnere med dette albumet.[69] Visconti sa til The Daily Telegraph at Bowie ikkje hadde avskrive å halde konsertar igjen, men valde å fokusere på lage plater.[9]
All tekst er skriven av David Bowie; all musikk er komponert av Bowie, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Musikk | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Next Day» | 3:27 | |
2. | «Dirty Boys» | 2:58 | |
3. | «The Stars (Are Out Tonight)» | 3:56 | |
4. | «Love Is Lost» | 3:57 | |
5. | «Where Are We Now?» | 4:08 | |
6. | «Valentine's Day» | 3:01 | |
7. | «If You Can See Me» | 3:15 | |
8. | «I'd Rather Be High» | 3:53 | |
9. | «Boss of Me» |
| 4:09 |
10. | «Dancing Out in Space» | 3:24 | |
11. | «How Does the Grass Grow?» |
| 4:33 |
12. | «(You Will) Set the World on Fire» | 3:30 | |
13. | «You Feel So Lonely You Could Die» | 4:37 | |
14. | «Heat» | 4:25 | |
Total lengd: | 53:17 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
18. | «God Bless the Girl» | 4:11 |
Total lengd: | 61:30 |
4. november 2013 kom ei tredobbel utgåve med to CD-ar og ein DVD. Den første CD-en inneheld dei 14 spora på originalalbumet. Den andre var ein CD på ti spor som bestod av bonusspora på luksusutgåva «Plan», «I'll Take You There» og «So She», det eksklusive japanske sporet «God Bless the Girl», to remiksar og fire nye songar («Atomica», «The Informer», «Like a Rocket Man», and «Born in a UFO»). DVD-en inkluderer fire musikkvideoar («Where Are We Now?», «The Stars (Are Out Tonight)», «The Next Day» og «Valentine's Day»).
Nr. | Tittel | Musikk | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Atomica» | 4:05 | |
2. | «Love Is Lost» (Hello Steve Reich-miks av James Murphy for DFA) | 10:24 | |
3. | «Plan» | 2:02 | |
4. | «The Informer» | 4:31 | |
5. | «I'd Rather Be High» (Venetian Mix) | 3:49 | |
6. | «Like a Rocket Man» | 3:29 | |
7. | «Born in a UFO» | 3:02 | |
8. | «I'll Take You There» |
| 2:41 |
9. | «God Bless the Girl» | 4:11 | |
10. | «So She» | 2:31 | |
Total lengd: | 40:45 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Where Are We Now?» (Video) | 4:35 |
2. | «The Stars (Are Out Tonight)» (Video) | 5:54 |
3. | «The Next Day» (Video) | 2:59 |
4. | «Valentine's Day» (Video) | 3:09 |
Total lengd: | 16:37 |
I tillegg til den fysiske utgåva kom det ein digital EP på sju spor som kom utan bonusspora på luksusutgåva.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Atomica» | 4:05 |
2. | «Love Is Lost» (Hello Steve Reich Mix by James Murphy for the DFA) | 10:24 |
3. | «The Informer» | 4:31 |
4. | «I'd Rather Be High» (Venetian Mix) | 3:49 |
5. | «Like a Rocket Man» | 3:29 |
6. | «Born in a UFO» | 3:02 |
7. | «God Bless the Girl» | 4:11 |
Total lengd: | 33:31 |
Frå luksusutgåva til The Next Day.[7]
Vekeslister
|
Årslister
|
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Australia (ARIA)[123] | Gull | 35 000^ |
Austerrike (IFPI Austerrike)[124] | Gull | 7 500x |
Canada (Music Canada)[125] | Gull | 40 000^ |
Finland (Musiikkituottajat)[126] | Gull | 10,951 |
Frankrike (SNEP)[127] | Platina | 142,000[128]* |
Tyskland (BVMI)[129] | Gull | 100 000^ |
Irland (IRMA)[130] | Gull | 7 500x |
Italia (FIMI)[131] | Gull | 30 000* |
Nederland (NVPI)[132] | Platina | 50 000^ |
New Zealand (RMNZ)[133] | Gull | 7 500^ |
Polen(ZPAV)[134] | Gull | 10 000* |
Sverige (GLF)[135] | Gull | 20 000^ |
Sveits(IFPI Switzerland)[136] | Gull | 15 000x |
Storbritannia (BPI)[137] | Platina | 300 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.