From Wikipedia, the free encyclopedia
Tazbukta eller Tazestuaret (russisk Тазовская губа, Tazovskaja guba) er ei lang bukta danna av elva Taz. Estuaret er om lag 250 km langt og startar ved byen Tazovskij og endar i Obbukta, som endar ut mot Karahavet. Estuaret er om lag 25 km breitt og er eit av dei største estuara i verda.
Tazbukta | |||
bukt | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Karahavet | ||
Tazbukta 69.0833°N 75.75°E |
Estuaret startar ved munningen av Taz og elva Pur og strekkjer seg om lag frå nord til sør, før det snur vestover og opnar seg opp før ho endar ved Obbukta.
Det russiske energiselskapet Gazprom ønskjer å utvide gassproduksjonen i Tazestuar-området, der det skal eksistere enorme mengder gass.
Den russiske biologen og utforskaren Alexander von Middendorff fann ein frosen mammut nær Tazestuaret. Mammuten vart transportert til St. Petersburg i 1866.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.