Tastaturoppsett
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tastaturoppsett er ei nemning på måten tastane på eit tastatur er organiserte. Datamaskinar kjem med mange ulike slag tastaturoppsett for å tilfredsstilla brukarar av ulike språk, og folk med ulik smak. Vanleg engelskspråkleg oppsett vert kalla QWERTY, kalla etter dei seks bokstavane til venstre på øvste bokstavlina. Vanlege norske tastatur har dei same bokstavane der og kan soleis òg kallast QWERTY. Det finst ulike nasjonale variasjonar over dette (sjå nedanfor), men det finst og heilt ulike alternativ. Det mest vidgjetne og utbreidde er Dvorak forenkla tastatur.
Denne artikkelen er avgrensa til ulike oppsett av vanlege alfanumeriske datamaskintastatur med 102 til 105 tastar. For andre typar tastatur, kan du sjå på tastatur.

Innleiing - tastaturstruktur
Alfanumeriske tastar
Hovuddelen av eit alfanumerisk tastatur er tastane som gjev oss bokstavar og tal. Det er i hovudsak oppsettet av bokstavane som varierer mellom ulike tastaturoppsett, men andre tastar kan teknisk sett òg bytast om. Tala finn ein i ei rekkje øvst på tastaturet og på tastatur av full storleik finn ein dei òg i ein eigen bolk heilt til høgre.
Valtast
Tastar merkte med ein blokkbokstav kan skriva både majusklar (store bokstavar) og minusklar (småe bokstavar) ved å nytta «shift» (ofte merkt «↑») eller «Caps Lock». «↑» kan òg nyttast til å få fram symbol som står oppe til venstre på ein tast. For å få fram symbola nede til høgre på tastane, må ein halda nede «Alt Gr».
Eit vanleg tastatur har dessutan ein kontrolltast («Ctrl»), alternativtast («Alt») og funksjonstastar (F1-F12). Berbare maskiner har oftast ein "Fn-tast«. Alle desse tastane kallar me »valtastar".
Daudtast
Ein daudtast gjev ikkje frå seg noko teikn når du trykkjer på han, men endrar det som kjem frå den neste tasten du trykkjer.
Mange språk nyttar aksentteikn over bokstavane, t.d. ä, û og ñ. Slike lagar ein ved å trykkja ein daudtast før bokstaven. Om du vil ha eit diakritisk teikn åleine (^ ~ ¨ ` ´) trykkjer du mellomromstast etter daudtasten.
Standardoppsett - QWERTY-variantar
Det finst eit stort tal ulike tastatur for ulike språk. Språk med latinske bokstavar nyttar likevel tastatur som i all hovudsak er like, all den tid dei er variasjonar over QWERTY. Tastatura kan ha namn etter dei fyrste seks bokstavane på tastaturet. Både QWERTZ, AZERTY og QZERTY er variantar av QWERTY. Her er eit lite utval av tastatur.
QWERTY
Det vanlegaste tastaturet. Her vist i ulike nasjonale variantar.
Amerikansk-engelsk
Det USA-amerikanske tastaturet nyttar ikkje AltGr eller daudtastar og har ingen diakritiske teikn. Dette gjer det berre eigna til nokre få språk.
Desse tastatura er ikkje berre nytta i USA, men i dei fleste engelsktalande land utanom Storbritannia (sjå nedanfor).
USA/internasjonalt
Det finst ei utgåve som er betre eigna for andre språk. Den vert kalla «US-International layout». Som du ser at biletet er det her mogleg å få fram aksentteikn og ein heil del bokstavar som ikkje finst i engelsk. Mellom dei Æ, Ø, Å.
Britisk-engelsk
Det britiske oppsettet liknar det amerikansk-engelske, men har ein del mindre ulikskapar. Det amerikanske har til dømes ikkje teikna £ (britiske pund) eller € (euro).
Norsk
Svensk/Finsk
Dansk
Brasil-portugusisk
Det finst fleire QWERTY-variasjonar
QWERTZ
QWERTZ-oppsettet er mykje nytta i Tyskland og store delar av Sentral-Europa. Skilnaden til QWERTY er at Y og Z er bytte om, og mange spesialteikn er bytte ut med sertyske teikn.
Tyskland og Austerrike (ikkje Sveits)
Sveits (tysk og fransk), Liechtenstein, Luxemburg
Rumensk i Romania og Moldova
Dette oppsettet er lite vanleg. Det vanlegaste i desse landa er å nytta amerikansk QWERTY.
Ungarn
AZERTY
AZERTY-oppsettet er nytta i Frankrike, Belgia og nokre naboland. Det skil seg slik frå QWERTY:
- A og Q er bytte om
- Z og W er bytte om
- M er flytt til høgre veslefinger (Ø på norsk oppsett)
- Ein må halda inne «shift» for å skriva tal. Utan «shift» får ein opp bokstavar med aksentar.
Det franske AZERTY-oppsettet har spesialbokstavar som ç, à é og è.
Fransk
Belgisk
Fil:French (Belgian) keyboard.jpg
Belgisk oppsett er stort sett likt som det franske. Nokre teikn(? ! @ - _ + = §) har andre plasseringar.
QZERTY
Er brukt i hovudsak, om ikkje utelukkande, i Italia. Det er særs vanleg på skrivemaskiner, men datamaskiner har oftast QWERTY.
- Z og W er bytte om
- M er flytt til høgre veslefinger, som i AZERTY
Dvorak, Colemak, NEO, XPeRT, QWERAK og andre ergonomiske oppsett
(Bilete og meir info kjem vonleg)
Dvorak
Ein del tastatur er forma med tanke på å vera lettare å nytta, ved at tastane er plasserte meir gjennomtenkt enn på QWERTY-variantane. Det mest kjende alternativet av denne typen er Dvorak Simplified Keyboard. Dvorak har namn etter August Dvorak som var den som utvikla oppsettet. Dvorak reduserer fingerrørslene og legg stor vekt på større veksling mellom høgre og venstre hand enn QWERTY. Det klarar oppsettet særleg gjennom å ha alle vokalane til venstre og dei mest nytta konsonantane til høgre. (Sjå Dvorak for meir informasjon.)
Andre
I tillegg til Dvorak Dvorak finst andre ergonomiske oppsett, mellom anna:
QWERTY-basert
- Colemak (2006)
- XPeRT Arkivert 2006-11-09 ved Wayback Machine. (2003)
- Asset (2004)
QWERTY- og Dvorak-basert
- Qwerak Arkivert 2006-12-07 ved Wayback Machine. (2002)
Originale
- Writer's Keyboard Layout Arkivert 2007-02-12 ved Wayback Machine. (2006)
- Michael Capewell's evolved layout (2005)
- NEO layout Mal:De icon (2004)
- Plum Arkivert 2006-12-11 ved Wayback Machine. (2003)
- Arensito Arkivert 2006-10-11 ved Wayback Machine. (2001)
- Peter Klausler's evolved layout (2002)
- Maltron layout Arkivert 2006-12-10 ved Wayback Machine. (1977)
- HCESAR (1937)
- Roy E. Hoke's layout (U.S. patent 1,506,426, 1924)
- Sidney W. Rowell's layout (U.S. patent 943,466, 1909)
- DHIATENSOR layout (1893)
Tilpassa andre språk
Nokre språk nyttar latinsk alfabet, men utan å nytta QWERTY-basert oppsett. Døme er latvisk og tyrkisk (tyrkisk-F). (I tyrkisk er det likevel mest vanleg med QWERTY (tyrkisk-Q).
Oppsett for språk med ikkjelatinske alfabet
(Meir kjem etter kvart)
Gresk
Vestarmensk
Austarmensk
Oppsett for ikkjealfabetiske språk (språk med andre skriftsystem)
(Meir kjem etter kvart)
Kinesisk (tradisjonelt)
Maskiner i Republikken Kina (Taiwan) nyttar ofte tastatur av type Zhuyin (bopomofo). Dette er USA-amerikanske tastatur med bopomofo tastmerking. Mange har dessutan merking for Cangjie-metoden. Cangjie er standardmetoden for hurtigtasting på tradisjonell kinesisk. Bopomofo-typen av tastatur har tastane plassert i leksikografisk rekkjefylgd (tilsvarande alfabetisk rekkjefylgd), frå toppen og nedover og frå venstre til høgre.
Merkinga for dei tre tastingsmetodane er vanlegvis trykt slik på tastaturet for tradisjonell kinesisk: Zhuyin (oppe til høgre); Cangjie (nede til venstre); og Dayi (nede til høgre).
Bakgrunnsstoff
- Introducing the Dvorak-layout Arkivert 2006-12-30 ved Wayback Machine.
- Norsk Dvorak Arkivert 2006-08-05 ved Wayback Machine.
- Colemak
- Michael Capewell's evolved layout
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.