Tartan
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tartan er eit rutemønstra klede, typisk i ull, som er knytt til skotsk kultur og særleg Det skotske høglandet. Skotske kiltar har nesten alltid tartanmønster, og fleire skotske klanar har i dag sine særeigne tartanmønster.
Tartan vert til ved at vekslande band av førehandsfarga trådar vert vovne både som renning og innslag i rett vinkel til kvarandre. Innslaget vert vove i enkelt kypermønster, to over - to under renninga, med overlapp av ein ny tråd for kvar omgang. Dette gjev synlege diagonale linjer der ulike fargar møtest, noko som gjev inntrykk av at fargane blandar seg. Dei kryssande horisontale og vertikale stripene som dannar mønsteret kan også ha ulik vidde.
Vanlege bakgrunnssfargar er raudt eller grønt. Andre vanlege fargar er blått, grått, svart og kvitt.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.