Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tareskogar er marine økosystem som baserer seg rundt vegetasjon av tare. Dei finst i tempererte og polare strok, og veks som regel på hard botn på grunt vatn. I tropane finst dei ikkje, sidan dei er relativt næringskrevjande. Langsmed norskekysten finn ein som regel tareskog ned til ei djupn på 20 m, avhengig av lystilgangen på dei einskilde stadane.
Tareskogen reknast mellom dei mest produktive og dynamiske økosystema på kloten. Fleire av dei viktigaste matfiskane, i tillegg til taskekrabbe og hummar, er direkte eller indirekte avhengige av tareskog for å kunne veksa opp. I tillegg vert det òg nytta ein del tareskog direkte; ein vinn ut alginat frå sjølve algane. Taretråling finn stad i Noreg langsmed store delar av Vestlandet, og eksportverdien av alginatprodukta ligg på 400-500 millionar kroner i året.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.