Remove ads
dravidisk språk From Wikipedia, the free encyclopedia
Tamil (தமிழ் tamiḷ) er eit dravidisk språk som hovudsakleg blir tala av tamilar i Tamil Nadu og på Sri Lanka, med mange mindre tamiltalande samfunn i andre land. I 1996 var tamil det 18. mest tala språket i verda med over 74 millionar brukarar.
Tamil தமிழ் | ||
Klassifisering | Dravidiske språk
Sørlege dravidiske språk | |
Bruk | ||
Tala i | Sri Lanka, India | |
Område | Tamil Nadu i India, den nordlege delen av Sri Lanka | |
Tamiltalande i alt | ca. 74 millionar (1999) | |
Rangering | 18 | |
Skriftsystem | Tamilsk skrift | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | India, Sri Lanka og Singapore | |
Normert av | Ymse akademi og Regjeringa i Tamil Nadu | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | ta | |
ISO 639-2 | tam | |
ISO 639-3 | tam | |
Tamil er eit av 22 «nemnde språk» i India, og er offisielt i delstaten Tamil Nadu.
Det sørindiske språket malayalam utvikla seg frå tamil mellom 800-talet og 1300-talet.
Tamil har 12 vokalar og 18 konsonantar.
Tamil har eit vokalsystem med 5 korte og 5 lange vokalar, og 2 diftongar
Tamil er eit agglutinerande språk; ordformene består av stamme og suffiks.
Tamil blir skrive med eit eige alfabet. Alfabetet, vatteluttu, er eitt av dei indiske alfabeta og stammar frå brahmi. Desse alfabeta er analytiske stavingsalfabet, dvs. at kvar glyff står for ei staving, slik at hovuddelen av glyffen står for ein konsonant, men der kvar vokal har sitt diakritiske teikn.
I Unicode har dei ulike indiske alfabeta kvar si side, slik at bokstavar med same uttale har same posisjon i kodetabellen. Blant tamilar har det vore motstand mot Unicode, til fordel for eit system der kvar stavingssymbol har ein kodeposisjon, men Unicode er no på frammarsj.
Tamil er eit av dei få levande klassisk språka og har ein litteraturtradisjon som er over 2000 år gammal. Skriftspråket har endra seg lite på denne tida, og klassisk tamilsk litteratur vert derfor mykje lese og har stor vekt enno. Til dømes blir skoleelevar underviste i tamilske bokstavar med bruk av eit dikt som vart skrive i det 1. hundreåret.
Lingvistar klassifiserer tamilsk litteratur og språk i tre periodar — gammalperioden (200 f.Kr.–700), mellomperioden (700–1500) og den moderne perioden (frå 1500 til notida). I mellomperioden blei tamil påverka av sanskrit både i ordtilfanget og litterære former. I den moderne perioden har mange lånord blitt tekne vekk frå språket for å gjera det meir forståeleg for vanlege folk. Mange moderne forfattarar har også prøvd å bruka meir frå tradisjonane brukt i gammalperioden i verka sine.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.