Tønjum kyrkje
kyrkje i Lærdal kommune From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tønjum kyrkje står i bygda Tønjum i Lærdalen, i Lærdal kommune i Vestland og er frå 1832.
Remove ads

Foto: Nina Aldin Thue

Foto: kirkenorge.no
Ho er i tre og har ei slags mellomform mellom krosskyrkje og langkyrkje.[1]
Ein trur ho fekk denne utforminga for at ho skulle kunne tole vinden på staden. Den førre kyrkja, som var ei stavkyrkje frå 1200-talet, bles nemleg ned i 1823. Grunnen til at det tok ni år frå dei miste gamlekyrkja til den nye vart bygd var at soknepresten meinte at ny kyrkje skulle byggjast midt i bygda. Sjølv om så godt som alle var usamde med han, sette han seg so på bakbeina at det ikkje vart bygd noko ny kyrkje før etter at han var død i 1831.[1] Ein veit ikkje kven som har teikna kyrkja.[1]
Kyrkja er soknekyrkje i Tønjum sokn i Sogn prosti. Prestegarden ligg nordvest for kyrkja.
Remove ads
Kjelder
- Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Tønjum kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- «Tønjum kyrkje» hjå NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads