Tælavåg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Telavåg er ein tettstad i Øygarden kommune. Tettstaden har 612 innbyggjarar per 1. januar 2023. Staden ligg like ved det opne havet på Sotra utanfor Bergen i Vestland fylke. Han er mest kjend for krigsbrotsverket som hende der den 30. april 1942.
Tælavåg | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Øygarden | ||
Areal | 0,81 km² | ||
Folketal | 612 (2023) | ||
Folketettleik | 756 / km² | ||
Postnummer | 5380 TÆLAVÅG | ||
Telavåg 60.21666667°N 5.1°E | |||
Wikimedia Commons: Telavåg | |||
Telavåg låg sentralt til for nordsjøfarten til motstandsrørsla, og både Shetlandsgjengen og andre skøyter henta og sette i land agentar i området. Dei lokale hadde òg vore ivrig med i motstandsarbeid.
Etter drapet på to offiserar i ei skotveksling mellom Gestapo og motstandsfolk frå Kompani Linge, meinte dei tyske okkupasjonsstyrkane at dei måtte setja eit eksempel. Reichskommisar Josef Terboven kom sjølv til bygda for å sjå til at ho vart straffa. Heile Telavåg vart jamna med jorda, og alle dei mannlege innbyggjarane sende til Sachsenhausen. 31 av dei 72 som vart sende til konsentrasjonsleiren døydde der.
Telavåg har fått ein spesiell plass i norsk okkupasjonshistorie. Ein finn ingen liknande hendingar i Noreg. Dei næraste parallellane er Lidice i Tsjekkia og Oradour-sur-Glane i Frankrike. Telavåg var eit av tiltalepunkta ved Nürnberg-domstolen som gjaldt norske tilhøve.
Historia om Telavågtragedien og motstandsarbeidet blir skildra i Nordsjøfartmuseet, som vart opna i Telavåg i 1998.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.