From Wikipedia, the free encyclopedia
Swale er ei elv i Yorkshire i England. Ho er ein av dei større sideelvane til Ure, som så renn ut i Ouse og deretter Humber.
Swale | |||
elv | |||
Swale nær Richmond. | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Lengd | 117,8 km | ||
Kjelde | Samløpet mellom Birkdale Beck og Great Sleddale Beck. | ||
Munning | Ure, ved Myton-on-Swale i North Yorkshire | ||
Swale-elva 54.43063333°N 2.29049722°W | |||
Wikimedia Commons: River Swale, North Yorkshire | |||
Elva har utspringet sitt høgt opp i Yorkshire Dales, ved grensa mellom North Yorkshire og Cumbria og ikkje langt frå staden der elva Eden startar. Det første stykket er ho berre ein bekk, og ho blir kalla eigenleg ikkje Swale før staden der Birkdale Beck og Great Sleddale Beck møtest.
I nærleiken av landsbyen Keld kryssar ho Pennine Way, og renn så austover gjennom kalkåsane i Swaledale.
Etter fleire fossefall når ho Richmond, der ho passerer Richmond slott og travbanen i Catterick. Ho vender så mot sør i Vale of Mowbray, der elva Wiske renn inn i ho frå Northallerton og Cod Beck frå Thirsk. Ho renn så inn i Ure rett austom Boroughbridge, på ein stad som blir kalla Swale Nab.
Swale seiast å vere den raskaste rennande elva i England.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.