From Wikipedia, the free encyclopedia
Svigermorsete (amerikansk engelsk rumble seat, britisk engelsk dicky seat, dickie seat eller dickey seat) var eit polstrert utvendig sete som kunne foldast inn i bagasjerommet i bilar med to sete, produserte før 2. verdskrig.[1][2] Setet kunne ha plass til ein eller to passasjerar.[1] Svigermorsete stammar opphavleg frå hestevogner, som kunne ha enkelt sete eller benk med plass til ein kusk eller tener.[3]
Når det ikkje var i bruk kunne plassen nyttast til bagasje.[1] Før den fyrste verdskrigen kunne ikkje alle svigermorsete foldast inn i bagasjerommet.[4] Roadster-, kupé- eller kabriolet-karosseri vart levert med anten bagasjerom eller svigemorsete.
Passasjerar i svigermorsetet var utsett for vêr og vind og fekk lite eller ikkje noko av vernet som dei andre pssasjerene fekk. Nedfellbart tak og sidegardiner var tilgjengelege i enkelte bilar [5] (inklusive Ford Model A) men dei vart aldri særleg populære. Blant dei siste amerikanskbygde bilane med svigemorsete var 1938 Chevrolet,[6] 1939 Ford[7] og 1939 Dodge[8] and Plymouth.[9] Den siste britiske bilen med svigemorsete var Triumph 2000 Roadster som vart bygd fram til 1949.[10][11]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.