From Wikipedia, the free encyclopedia
Sverdrupøyane er ei gruppe øyar på vestsida av Ellesmereøya og utgjer ein mindre del av Dronning Elizabeth-øyane lengst nord i Canada. Dei største øyane er Axel Heibergs land, Ellef Ringnes' øy og Amund Ringnes' øy. Øyane er ikkje folkesette, bortsett frå med ein vêrstasjon på Ellef Ringnes' øy. Administrativt høyrer øygruppa til Nunavut-territoriet.
Sverdrupøyane | |||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Del av | Det kanadiske polararkipelet, Elisabetøyane | ||
Areal | 66 000 km² | ||
Sverdrupøyane 78.5°N 95°W | |||
Wikimedia Commons: Sverdrup Islands | |||
Øyane var kjende og periodevis besøkte av inuittar. Dei blei fyrst vitja av europearar gjennom den norske ekspedisjonen til Otto Sverdrup, som kartla dette arktiske området i åra 1898–1902 på den andre store ekspedisjonen med polarskuta «Fram».[1] Det britiske dominionlandet Canada erklærte alt land i den kanadiske ishavssektoren i kanadisk eige i 1925.[1] På vegner av Noreg gjorde Sverdrup offisielt krav på dei tre øyane Ellef Ringnes' øy, Amund Ringnes' øy og Axel Heibergs land i 1928. Til å byrja med viste norske styresmakter lita interesse for dei tre ugjestmilde øyane, og ville fyrst og fremst bruka kravet som ei brekkstong i forhandlingane om andre polarområde.
I april 1929 gav norske styresmakter Sverdrup beskjed om at han kunne starta forhandlingar med Canada om ein personleg kompensasjon for å fråfalla kravet om øyane. 5. november 1930 anerkjente Noreg Canada sin rett til Sverdrupøyane. Berre 14 dagar seinare anerkjente Storbritannia Noreg sin rett til Jan Mayen. At Noreg ikkje stod hardare på kravet om å halda på øyane skuffa Otto Sverdrup mykje.
Det canadiske parlamentet betalte til slutt 67 000 dollar for Sverdrup sine dagbøker og kart. Pengane var òg betaling for arbeidet Sverdrup hadde utført i samband med ekspedisjonen. Dagbøkene blei seinare tilbakeført til Sverdrup sin familie, men kartet er sporlaust forsvunne.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.