From Wikipedia, the free encyclopedia
Svarte Drin (albansk Drini i Zi, som tyder 'svart hjort'; makedonsk Crn Drim) er ei elv som renn gjennom Nord-Makedonia og Albania. Ho strøymer ut frå Ohridsjøen ved Struga i Nord-Makedonia. Etter om lag 50 km kryssar ho grensa til Albania, vest for Debar. Ho flyt saman med Kvite Drin i Kukës og dannar elva Drin, som strøymer vidare til Adriahavet. Det meste av vatnet i dei austlege grenseområda av Albania renn ut i denne elva, inkludert dei tre austlege innsjøane som Albania deler med sine naboland (Ohridsjøen og Prespasjøen) og bekkar som strøymer ut i desse.
Svarte Drin | |||
elv | |||
Land | Nord-Makedonia, Albania | ||
---|---|---|---|
Renn gjennom | Struga, Kukës | ||
Lengd | 149 km | ||
Kjelde | Ohridsjøen | ||
• høgd | 693 moh. | ||
Munning | I møtepunktet til Kvite Drin i Albania | ||
Svarte Drin 41.1742°N 20.6781°E | |||
Wikimedia Commons: Black Drin | |||
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.