Stine Skogrand

From Wikipedia, the free encyclopedia

Stine Skogrand

Stine Ruscetta Skogrand (fødd 3. mars 1993) er ein norsk handballspelar frå Bergen som frå 2018 har spelt på den danske klubben Herning-Ikast. Kant- og rykkromspelaren vart verdsmeister med Noreg i 2015, europameister i 2016, 2020 og 2022, samt olympisk meister 2024. Skogrand deltok perioden 2013-24 i 154 av Noregs landskampar, skåra 293 mål.

Kjappe fakta
Stine Skogrand

Thumb

StatsborgarskapNoreg
Fødd3. mars 1993 (32 år)
Bergen
Idretthandball
Tok del i Handball under Sommar-OL 2020 – Kvinner
Lukk

Karriere

Klubbspel

Skogrand spelte i yngre år på Fyllingen IL og deretter TIF Viking. Til sist melde ho seg til teneste for Tertnes IL, det leiande handballaget i Bergen. 2016-18 var ho aktiv i den danske toppserieklubben Silkeborg-Voel. Sidan 2018 gjer ho teneste i danske Herning-Ikast.

Landslagsspel

Skogrand fekk sin landslagsdebut den 20. april 2013 mot Sør-Korea. Ho måtte vente til handball-VM 2015 før ho fekk vere med i ei meisterskapsturnering, ein meisterskap som enda med norsk finalesiger og gullmedalje. Ho fekk ikkje plass i troppa til Sommar-OL 2016, men var på plass då Noreg vann europameisterskapen 2016 i Göteborg.

Skogrand vart utteken til så vel EM 2018 som VM 2021, men takka i begge tilfella nei, grunna graviditet.

Merittar landslag

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.