From Wikipedia, the free encyclopedia
Steinar Breidsvoll Hoen (fødd 8. februar 1971) er ein norsk forretningsdrivande og tidlegare friidrettsutøvar. Han representerte IK Tjalve i Oslo. Han vart europameister i høgdehopp 9. august 1994 med resultatet 2,35 m, som inntil 9. august 2006 (altså på dagen 12 år) var meisterskapsrekord for EM. Hoen er 1,92 m høg.
Steinar Hoen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. februar 1971 (53 år) Oslo |
Idrett | friidrett, høydehopp |
Tok del i | Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992 |
Utmerkingar | Bislett-medaljen, Kongepokal, Kongepokal |
Hoen sette sin første norske rekord den 22. juni 1991 med eit hopp på 2,27 m. Ein månad seinare sletta Håkon Särnblom denne rekorden. Denne rekorden hadde Särnblom i berre fjorten dagar, til dess Hoen 4. august 1991 gjekk over 2,29 m i eit stemne i Bergen. Sidan forbetra han den norske rekorden centimeter for centimeter til han stoppa på 2,36 m.
Hoens personlege rekord, 2,36 m, oppnådde han i tre tevlingar. Første gongen innandørs 12. februar 1994 i Balingen, Tyskland. Også året etter hoppa han 2,36 m innandørs. Utandørs gjekk han også over denne høgda; 1. juli 1997 på Rådhusplassen i Oslo, noko som er gjeldande norsk rekord. Ved 32 tevlingar hoppa 2,30 m eller høgare. Han la opp i 1999.
Hoen vart i 2007 leiar for Bislett Games.
År | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | |
Høgde | 2,29 | 2,30 | 2,32 | 2,35 | 2,35 | 2,32 | 2,36 | 2,30 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.