Stefan eller Stephan er eit mannsnamn, av gresk Stephanos, '(heiders-)krans' . Steffen er ei dansk form av namnet.
Stefan har i Noreg namnedag 2. juledag, 26. desember.
- I folketeljinga frå 1801 var det 834 som hadde namnet i formene Stefan, Stefanus, Stefen, Steffan, Steffen, Stepehn, Stephan, Stephanus, Stephen
- I 1900 var det 908 personar som var listeførte med namneformene Staffan, Staffen, Stefan, Stefanius, Stefanus, Stefanuss, Steffan, Steffanus, Steffen, Stefonus, Stepfon, Stephan, Stephanus, Stephen
- I 2008 var det 3679 som heitte Steffen, 1512 Stefan , 194 Steffan og 22 Staffan til første fornamn
- Stefan Zweig (1881-1942), austerriksk forfattar
- Stefan Wyszyński (1901-1981), polsk kardinal og biskop
- Stephan Plätzer (f. 1966), norsk friidrettstrenar
- Stefan Raab (f. 1966), tysk Eurovision-deltakar og programleiar
- Stephan Christiansen (f. 1970), norsk kristen forkynnar
- Steffen Iversen (f. 1976), norsk fotballspelar
- Stefan Ishizaki (f. 1982), svensk fotballspelar
- Stefan Petzner (f. 1981), austerriksk politikar
- Stephan Lichtsteiner (f. 1984), sveitsisk fotballspelar
- Stefan Kießling (f. 1984), tysk fotballspelar
- Steffen Thoresen (f. 1985), norsk ishockeyspelar
- Steffen Haraldsen (f. 1986), norsk fotballspelar
- Stefan Strandberg (f. 1990), norsk fotballspelar
Stefanus som bibelsk namn
Stefanus var den første martyren i den kristne kyrkja.[1]. Til minne steininga av Stefanus vert 2. juledag feira som stefanusdagen, sankt Stefans dag.
Stefanas vart, i lag med hulyden sin, døypt av Paulus i Akaia.[2]