From Wikipedia, the free encyclopedia
Statsrett, statsforfatningsrett eller konstitusjonell rett er rettsreglane om konstitusjonen til ein stat.
Den er overordna både dei andre delane av offentleg rett og overordna privatretten. Forvaltingsretten, strafferetten og prosessretten blir ofte rekna som delar av offentleg rett, men berre dei grunnleggjande rettsreglane som lovverket byggjer på, blir rekna som statsforfatningsrett. Grensa mellom statsrett og forvaltingsrett kan vere noko flytande, men ein kan seie at statsretten tar for seg dei grunnleggjande reglane om korleis staten skal organiserast, og om tilhøvet mellom stat og individ, medan forvaltingsretten tar for seg detaljreglane og reglane om forvaltningsorgan under regjering og departement. Statsrett må ikkje forvekslast med folkerett, som er rett mellom statar, ikkje mellom individ. På menneskerettsområdet har individa rettar både etter statsretten og etter folkeretten.
Ut frå ein meir formell definisjon kan ein seie at statsrett er rettsreglar som berre kan endrast etter prosedyren i Grunnlova § 112: At grunnlovsforslag må fremmast på eit Storting, det må vere stortingsval, og så er det eit nytt Storting som må gjere grunnlovsvedtaket - og med 2/3 fleirtall i Stortinget. Dette gjeld først og fremst reglane i Grunnlova.
Men i tillegg til reglane i Grunnlova har det i Noreg - i motsetnad til dei fleste andre land - vokse fram ei lære om konstitusjonell sedvanerett. Domstolskontrollen med forvaltings- og lovvedtak er eit eksempel. Det er ikkje tvil om at domstolane i Noreg kan setje til side lover som er i strid med Grunnlova, og setje til side forvaltingsvedtak som er i strid med lov. Grunnlova seier ikkje noko om dette, ut over § 88 sin regel om at Høgsterett dømer i siste instans. Men viss Stortinget skulle ynskje å gjere noko med domstolkontrollen, kunne dette ikkje skje ved vanleg lov, Grunnlova måtte i tilfelle endrast.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.