Heilage Sunniva
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den heilage Sunniva eller Sankt Sunniva er ei kvinne som skal ha levd på 900-talet. Ho var vernehelgen for Bjørgvin bispedøme såvel som heile Vestlandet. I dag blir ho framleis rekna som vernehelgen for denne landsdelen, i tillegg til Bergen og nordisk ungdom. Minnedagen hennar er 8. juli.
Soga[1] fortel at Sunniva var ei irsk kongsdotter som flykta frå ein heidensk konge som ville gifta seg med henne. Ho kom med skip til øya Selja i Selje kommune, der ho og følgjet slo seg ned i ei hole. Folk som budde på staden meinte utlendingane stal sau av dei, og sende etter Håkon Jarl. Då Sunniva bad til Gud om at dei ikkje måtte falla i hendene på heidningane, fall tunge steinar ned og stengde igjen inngangen til hola. I ettertid skal mange under ha skjedd på øya, og då kong Olav Tryggvason fekk flytta steinblokkene i 996 fann dei kroppen til Sunniva, like heil som då ho levde. I 1103 blei det bygd eit benediktinarkloster på staden. Ruinane av dette kan ein framleis vitja på Selja.
I kunsten blir Sunniva gjerne framstilt som ei ung kvinne med liljer, og med helgenattributtet sitt, som er ei steinblokk, ettersom ho vart drepen av eit steinras.
Bakgrunnsstoff
- Om Sunniva ved dalehavn.com Arkivert 2006-06-18 ved Wayback Machine.
- Den hellige Sunniva (900-t) ved katolsk.no
- Sankta Sunniva, kvinnestemmer.net Arkivert 2014-12-15 ved Wayback Machine.
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.