From Wikipedia, the free encyclopedia
Spisslønn (Acer platanoides) er ein art i lønnslekta med naturleg utbreiing i Europa aust til Kaukasus.
Spisslønn | |
Spisslønn | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av spisslønn | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Sapindales |
Familie: | Lønnefamilien Sapindaceae |
Underfamilie: | Hippocastanoideae |
Slekt: | Lønn Acer |
Art: | Spisslønn A. platanoides |
Vitskapleg namn | |
Acer platanoides |
I Noreg veks han naturleg på Austlandet nord til Alvdal kommune og Fåberg, på Sørlandet vest til Kvinesdal kommune. I Voss kommune og Luster kommune er det usikkert om han veks naturleg eller naturalisert. Lønnen er mykje brukt som park- og hagetre. Som kulturplante veks han nord til Troms.
Spisslønnen veks i tørr skog og på rasmark.
Spisslønnen blomstrar på berr kvist med blomstrar i opprette halvskjermar. Spisslønnen har høg, kuppelforma krone, i Noreg vert treet opp til 20 m høgt. Kvistar og blad er snaue. Blada har fem lappar spisse tenner, flikane mellom lappane er buttare enn hos platanlønnen.
Spisslønn har karakteristiske frø med to venger som lett spreier seg med vinden. Vinkelen mellom frøvengene er butt.
Veden til spisslønn minner mykje om veden til bjørk og er verdifull som snikkarmaterial.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.