From Wikipedia, the free encyclopedia
Spanjolar eller spaniarar (spansk pueblo español) er ei folkegruppe som høyrer heime i Spania på Den iberiske halvøya og diasporaen deira. Omgrepet omfattar dei ulike regionale gruppene i landet, noko som viser igjen i den spanske historia. Spania, slik det geografisk er i dag, omfattar nemleg ei rekkje kongedømme frå slutten av 1400-talet som var resultat av den kristne gjenerobringa og den kastiljanske arvefølgjekrigen.
Det offisielle språket i Spania er spansk (español eller castellano), standardspråket som er basert på mellomalderdialekten til kastiljanarane frå midten av landet, men det er likevel fleire språk i Spania. Alle er iberoromanske utanom det baskiske språket.
Det finst også svært mange med spansk opphav, som eit resultat av emigrasjon, i andre delar av verda – flesteparten av dei i Latin-Amerika. Størstedelen av desse har blanda opphav, og har difor også røter frå til dømes indianarar, andre europeiske land og Afrika.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.