Sodd
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sodd er ein norsk matrett frå Trøndelag. Retten minner om ei suppe og hovudingrediensane er kjøt (gjerne frå sau) og ofte kjøtbollar (frå farse) koka i kraft, tilsett gulrotbitar eller -skiver. Til sodden blir det servert potet, som er koka for seg og blir blanda i til slutt.
Sodd er ein hovudrett og blir rekna som festmat, til dømes til brudlaup, dåp eller konfirmasjon.
Sodd finst i fleire lokale variantar i Trøndelag. Mellom desse er:
- Innheradssodd: Kjøtterningar og kjøtbollar, gulrot og potet. Gulrota blir koka saman med kjøtbollane. Ved sidan av blir det servert skjenning, eit søtt flatbrød.
- Inderøysodd: Som innheradssodd, men gulrota er koka for seg. Krafta blir dermed mindre søt. Også servert med skjenning.
- Orkdalssodd: Kjøt og kjøtbollar (perra), mjølbollar (auka), gulrot, kål og potet. Perrane og aukane blir etne frå djup tallerken, medan kjøtet blir ete saman med grønsakene.
- Oppdalssodd: Kjøt, morr, mjølbollar, gulrot, kål, erter, byggryn, kålrot og potet. Soddkraft og kjøt blir servert kvar for seg.
Vanleg drikke til sodd er ingefærøl eller heimebrygga øl. Til dessert er det tradisjonelt mest vanleg med sviskegraut.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.