From Wikipedia, the free encyclopedia
Snorre Sturlason eller Sturluson (norrønt Snorri Sturluson; 1178–23. september 1241) var ein islandsk hovding, forfattar og skald.
Snorre Sturlason | |
Snorre Sturlason teikna av Christian Krohg til Heimskringla. | |
Verkeleg namn | Islandsk Snorri Sturluson |
Statsborgarskap | Island |
Fødd | 1179 Hvammur |
Død |
23. september 1241 (62 år) |
Yrke | skribent, skald, historikar, politikar, diplomat, lyrikar |
Språk | norrønt, islandsk |
Far | Sturla Tordsson den eldre |
Ektefelle | Hallveig Ormsdóttir |
Snorre Sturlason på Commons |
Snorre var to gonger lagmann eller lovseiemann på det islandske Alltinget. Som lagmann hadde han ei maktstilling på Island. Snorre engasjerte seg mykje i ymse politiske spørsmål. Han vart drepen på grunn av at han stødde eit opprør mot kongen av Noreg, kong Håkon Håkonsson.
Snorre siglde sommaren 1218 frå Island til Noreg, og var der til 1220. Der gjesta han fyrst Skule Jarl (Skule Bårdsson) over vinteren. Sommaren etter var han i Sverige. Snorre støtta Skule Jarl i kampen mot kong Håkon Håkonsson.
Andre gong han var i Noreg var frå 1237 til 1239. Snorre vart i denne tida stempla som forrædar, og fekk forbod mot å reisa ut av Noreg. Snorre fór til Island mot kong Håkon sin vilje. Håkon lét Gissur Torvaldsson drepa Snorre. Gissur og ein flokk menn tok livet av Snorre den 23. september 1241. Snorre var då på garden sin, Reykholt.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.