From Wikipedia, the free encyclopedia
Snegurotsjka, på russisk Снегурочка, norsk 'Snøjenta', er i russisk jule- og nyttårstradisjon medhjelparen til Ded Moroz - 'Bestefar Frost'.[1] Ho er barnebarnet til Ded Moroz, og skulle i dei sovjetiske åra fyrst og fremst bli knytt til nyttår, sidan jula som kristen høgtid ikkje skulle feirast i det kommunistiske samfunnet.[2] Snegurotsjka vert oftast framstilt som kledd i ein lang, vakker og sølvkvit eller blåkvit vinterkappe av pels; i nyare tid av og til i ein vinteroverall i same farge.
Snegurotsjka vart stadig vanlegare i russiske eventyr på 1800-talet og var populær i denne seinare delen av tsartidas Russlands år, og kan ikkje daterast til eldre slavisk mytologi.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.