planteart From Wikipedia, the free encyclopedia
Småtviblad (Neottia cordata) er ei plante i fuglereirslekta Neottia i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
Småtviblad | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Neottia | ||
Art: | N. cordata | ||
Vitskapleg namn | |||
Neottia cordata
(Linné) Rich. | |||
Økologi | |||
Habitat: | skog | ||
Utbreiing: | nordlege halvkule | ||
Småtviblad er ein ganske liten orkidé som blir opptil 15 centimeter høg, med to små, hjarteforma blad nedst på stengelen. Dei raudbrune blomane sit i eit lite aks.
Tidlegare var småtviblad knytta til tvibladslekta Listera med namnet Listera cordata, men nyare genetisk forsking har synt at arten skal innlemmast i slekta Neottia, trass i dei store morfologiske ulikskapane.[2][3][4]
Småtviblad er ikkje like avhengig av kalk som den nære slektningen stortviblad. Han veks i skog og fjell over det meste av landet.[5] I raudlistevurderinga 2021 har arten status som livskraftig (LC).[6]
Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn spindelblomster),[7] i Danmark (LC, dansk namn hjertebladet fliglæbe),[8] i Finland (LC, finsk namn herttakaksikko),[9] på Færøyane (VU, færøysk namn hjartatvíbløðka),[10][11] på Island (LC, islandsk namn hjartatvíblaðka)[12][13] og på Grønland (LC, grønlandsk namn uummataasaaqqat).[14]
Småtviblad (engelsk namn lesser twayblade) er vanleg på Dei britiske øyane, mest i nord. I både den britiske og den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC),[15][16] på same måte som lokalt i England og Wales,[17][18] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[19]
I Estland (estisk namn väike käopõll) veks småtviblad spreidd over det meste av landet og er rekna som sårbar (VU).[20] I Latvia (latvisk namn sirdsveida divlape)[21] veks arten spreidd i fuktig barskog og blandingsskog og er klassifisert som sjeldan (kategori 3 – samazinās).[22] I Litauen (litauisk namn širdinė dviguonė) veks arten i vest og heilt i aust. Han er rekna som sårbar (VU).[23][24]
I Benelux finst arten (nederlandsk namn kleine keverorchis, fransk namn listère cordée) på nokre av Dei vestfrisiske øyane i Nederland, men manglar i Belgia og Luxembourg.[25] I den nederlandske raudlista er arten rekna som nær truga (NT, gevoelig).[26]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.