Skorpa i Dønna
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Skorpa er ei øy i Dønna kommune på Helgelandskysten. Skorpa ligg vest for Sandnessjøen. Det meste av øya er fjell, det høgaste punktet på Skorpfjellet ligg 232 m.o.h. Det var fast busetnad på øya fram til 2005. I dag vert Skorpa hovudsakleg nytta til fritidsbustadar og beite for sau.
Skorpa | |
---|---|
Skorpa sett frå aust. I bakgrunnen Dønna med Dønnmannen | |
Geografi | |
Stad | Helgeland |
Koordinatar | 66°02′33″N 12°32′57″E
|
Areal | 4,0 km²
|
Høgaste punkt | Skorpfjellet (232 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Nordland
|
Demografi | |
Folketal | 0 |
Matrikkelgarden Skorpa har gardsnummer 59 i Dønna.
Øynamnet vert i lokal dialekt uttalt skorpo, i dativ også i skorpen eller på skorpen.
Fleire gravrøyser frå yngre steinalder og ein celt frå bronsealderen viser at folk har brukt Skorpa i lang tid.
Skorpa er nemnd i skattelistene frå tiendpengeskatten i 1521, då betalte Truid Erlandson på Skorpa 20 1/2 lodd sølv i formueskatt, meir enn tre gonger gjennomsnittleg skattebeløp.
Så seint som 1618 betalte ei enkje odelsskatt for garden. På 1640-talet høyrde garden til det store jordegodset futeenka Anne Jonsdotter hadde samla. I 1801 vart garden ved makeskifte overført til Herøy kyrkje. I 1847 kjøpte leilendingen garden av kyrkje- og skolefondet.
Garden vart sidan delt, slik at det på det meste var fire gardar og to husmannsplassar i drift på Øya. På 1920-talet var det eit klippfisktørkeri på Skorpa. Frå midt på 1930-talet til midt på 1950-talet låg trygdekontoret for Nordvik på Skorpa.
Skorpa høyrde til Herøy kommune til Nordvik kommune vart skilt ut frå Herøy. Frå 1962 har øya høyrd til Dønna kommune. I kyrkjeleg samanheng har øya sokna til Herøy kyrkje, Stamnes kyrkje og Hæstad kyrkje.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.