Skjernøysundbrua

From Wikipedia, the free encyclopedia

Skjernøysundbrua

Skjernøysundsbrua stod ferdig bygd i 1964, men vegen fram var ikkje ferdig før i 1966. Brua bind saman Skjernøy med fastlandet i resten av Mandal kommune. Etter at brua kom, har folketalet nesten dobla seg på Skjernøy. Brua er smal, og det skjer ofte at bilar må rygga når dei møter andre bilar på brua.

Kjappe fakta Type, Strekning ...
Skjernøysundbrua
Thumb
Skjernøysundsbrua
Foto: Helge Haugland
Typevegbru
StrekningFylkesveg 4232
Thumb
Skjernøysundbrua
58.0036°N 7.51417°E / 58.0036; 7.51417
Lukk

Etter bygginga av Spangereidkanalen er odden på nordsida av Skjernøysund det sørlegaste fastlandspunktet i Noreg. Odden ligg der brua går over til Skjernøya, kring 4 kilometer søraust for Mandal sentrum.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Skjernøysundbrua


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.