From Wikipedia, the free encyclopedia
Sjur Bygd (28. april 1889–29. oktober 1985) var ein norsk forfattar, gardbrukar, ordførar og banksjef busett i Myrkdalen på Voss. Han debuterte i 1915 med novellesamlinga «Fjell-folk».
Sjur Bygd | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. april 1889 Myrkdalen |
Død |
29. oktober 1985 (96 år) |
Periode | 1915 - 1970 |
Debut | Fjell-folk |
Sjur Bygd debuterte med Fjellfolk i 1915, ei samling forteljingar frå ei avstengd vestlandsbygd. I romanen Holmgang (1917) skildra Bygd dei psykologiske føresetnadane for ein bygdestrid. Det same gjer den store romanen Valplassen (1921). Eit av Bygd sine fremste verk, Luftspeglingar (1925) er ei samling noveller med same miljø. Andre betydelege romanar er I hamskifte (1949) og Mot blå berg (1957). Bygd var ein skarp psykolog, og kjende dei løynde tildriva i menneska, krokvegane deira, hyklarskapen, naturangsten og religiøsiteten. Med sin knappe stil og friske synsbilete skreiv han levande situasjonar om norsk folk og kultur.
Sjur Bygd vann Melsom-prisen i 1955, og i 1976 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull for innsatsen sin som bankmann, politikar og diktar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.