From Wikipedia, the free encyclopedia
Sjøpattedyr eller marine pattedyr er pattedyr som er store delar av livet i vatn. Dei viktigaste slaga er ordna Cetacea, som omfattar kvalar og delfinar, Sirenia eller sjøkyr, og rovdyr-underordna Pinnipedia med selar og sjøløver. Også isbjørn og sjøoter kan bli rekna som sjøpattedyr.
Det finst sjøpattedyr i alle hav, men dei er særleg viktige i Arktis, der dei lenge utgjorde livsgrunnlaget for menneske.
Dei skil seg frå dei fleste andre dyra i havet ved at dei er varmblodige. På den andre sida skil dei seg frå landlevande pattedyr ved at kroppane deira er meir straumlinjeforma, dei har eit isolerande spekklag og/eller svært tjukk pels, og dei kan lukka nasebora når dei dykkar. Fleire av sjøpattedyra har mist pelsen, og har i staden glatt eller skrukkete hud med feitt under.
Sjøpattedyr får det meste av maten sin frå havet, og utnyttar ulike ressursar, frå kril for bardekval og tang for sjøkyr til fisk, blautdyr og skaldyr for sel, delfin og sjøløver og andre sjøpattedyr for isbjørnen.
Dei fleste sjøpattedyr utviklar seg seint og har lang levealder. Det tar fleire år før dei er kjønnsmogne og dei får få ungar som følgjer mora lenge.
Søvn er eit problem som sjøpattedyr har løyst på ulike måtar. Dei som lever all si tid i vatn må likevel opp til overflaten ganske ofte for å pusta. Kvalar løyser dette ved at berre ein hjernehalvdel søv om gongen; manatar ved å sova i 15-20 minutt før dei går opp for å ta luft.
Dyra har lett for å flytta på seg og vandrar gjerne over store avstandar, på leit etter mat eller betre temperaturar. Kvalar migrerer til dømes til kalde vatn for å få tak i mat og til varmare område for å føda ungar.
Så vidt me veit har alle sjøpattedyr utvikla seg frå landlevande pattedyr. Dette ser me mellom anna ved at dei må opp til overflata for å få luft med jamne mellomrom, og ved at finnane eller luffane til dei dyra som har utvikla seg for å symja minner om hender.
Ein reknar med at dyr frå ordnane Sirenia og Cetacea gjekk tilbake til havet for 50-55 millionar år sidan. Sjøoteren har levd langs kysten i rundt 5 millionar år og havlevande isbjørnar har eksistert i minst 100.000 år.
Det er blant sjøpattedyra me finn dei største vesena i havet. Medan blåkvalen er det største av alle dyr me kjenner til, høyrer òg mange av dei andre kvalane med til dei største dyra i verdshava.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.